Inviterer stortingskandidatar til samtale rundt bålet
I den årlege Friluftlivsveka 2.–10. september blir stortingskandidatar over heile landet utfordra på haldningane sine til friluftsliv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi ønskjer å setja søkjelys på kor viktig friluftsliv er for det norske folk og har tidlegare gode erfaringar med at bålet gjev ei god ramme for å diskutera viktige politiske tema, seier fagsjef samfunnskontakt Siri Meland i Norsk Friluftsliv til Nynorsk pressekontor.
Via samarbeidsnettverket Forum for natur og friluftsliv har organisasjonen oppmoda alle fylke til å samla politiske toppkandidatar til samtale rundt bålet.
– Svært mange har alt takka ja til å arrangera slike politiske bålsamtalar, og mange av samtalane vil gå føre seg søndag 3. september.
– Korleis vil du seia forståinga for verdien av friluftsliv er hos norske politikarar?
– Forståinga for at friluftsliv er ein viktig del av kulturtradisjonen vår er svært høg. Men når det gjeld det å prioritera areal og det å setja natur framfor næring, har politikarane større vanskar – både lokalt og nasjonalt, seier Meland.
Ho fortel at organisasjonen helst ønskjer at kvar kommune skal setja ei utbyggingsgrense der dei seier kor langt det er lov å byggja og at området utanfor denne grensa skal setjast av til natur og friluftsliv.
– Investering på sikt
Meland strekar under at friluftsliv har mykje å seia for folkehelsa og meiner det å leggja til rette for at folk skal koma seg ut på tur i nærmiljøet er god samfunnsøkonomi.
For at flest mogleg skal koma seg ut på tur, meiner ho det må vera enkelt.
– Det handlar både om tilrettelegging, rammevilkår, støtte til frivillige organisasjonar og det å forstå kor viktig naturen er for både den fysiske og psykiske helsa.
LES OGSÅ: Friluftslivet feirar 60 år med allemannsrett
Klare politiske skiljelinjer
Høgre og Framstegspartiet er mest skeptiske til auka prioritering av friluftsliv. Det kjem fram i ei spørjeundersøking Norsk friluftsliv har gjennomført blant tre av toppkandidatane til alle partia i alle fylke. I undersøkinga blei politikarane bedne om å ta stilling til tre påstandar om norsk friluftsliv. Halvparten av kandidatane har svart på undersøkinga. I tillegg har Høgre sentralt svart på vegner av kandidatane sine.
Heile 52 prosent av kandidatane til Framstegspartiet stiller seg negative til den første påstanden om at dei ønskjer å sikra at alle har ein tursti eller høve til å gå tur kortare enn 500 meter frå der dei bur.
Heller ikkje Høgre ønskjer å prioritera dette, skriv Norsk Friluftsliv. I svaret frå sentralt hald heiter det mellom anna at sikring av turareal er noko som kvar enkelt kommune er best til å vurdera.
LES OGSÅ: På Europa sitt tak
Forslaget vekkjer heller ikkje begeistring hos senterpartikandidatane, der framlegget får ein oppslutnad på 0 prosent.
Kandidatane til Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne kjem best ut der høvesvis 84 og 83 prosent sluttar opp om å sikra turstiar i nærmiljøet. I Ap, Venstre og KrF er oppslutnaden om dette på høvesvis 76, 46 og 27 prosent.
Blåblå strandsoneskepsis
Frp og Høgre skil seg ut også i synet på å sikra natur og friluftsliv ein høgare verdi i arealplanlegginga og å halda oppe og styrkja byggjeforbodet i strandsona. Blant kandidatane til Framstegspartiet er det berre 16 prosent som ønskjer å prioritera natur- og friluftsinteresser høgare, og heile 8 prosent er imot å styrkja byggjeforbodet i strandsona.
Høgre ønskjer ikkje å leggja føringar i slike arealspørsmål og meiner det er viktig med lokalt handlingsrom.
Kandidatane til både MGD og SV meiner derimot det er viktig både å prioritera friluftsliv høgare i arealplanlegginga og å styrkja byggjeforbodet i strandsona. Auka vekt på friluftsliv i arealplanlegginga får også 100 prosent oppslutnad i KrF. Den same påstanden har 92 prosent oppslutnad hos Venstre, 83 prosent hos Ap og 80 prosent hos SP.
Påstanden om å styrkja strandsona har 94 prosent støtte hos Ap, 67 prosent i Venstre, 62 prosent blant KrF-kandidatane og 20 prosent hos Sp.
Splid om spelmidlar
Også når det gjeld den tredje og siste påstanden om å auka delen spelmidlar som blir brukt til friluftsliv for barn og unge og inaktive vaksne frå 1 til 2 prosent, er det delte meiningar. Frp kjem dårlegast ut med berre 20 prosent støtte til denne påstanden. Høgre ønskjer på si side ikkje å ta stilling til kor stor denne delen skal vera, medan påstanden får 25 prosent oppslutnad blant senterpartikandidatane.
MDG kjem best ut med 90 prosent oppslutnad, medan Ap, KrF, SV og Venstre alle ligg mellom 61 og 65 prosent.
Norsk Friluftsliv foreslår at desse tre påstandane også kan vera utgangspunkt for politiske bålsamtalar rundt om i landet.
På nettsidene til organisasjonen finst det oversikt over kor og når dei politiske bålsamtalane blir arrangerte rundt om i landet. Kalenderen inneheld også mange hundre andre arrangement.
LES OGSÅ: Lokkar fleire med friluftsliv