Det organiserte friluftslivet nærmar seg 700.000 medlemmar. Padling og klatring aukar mest.

Kjell M. Kaasa/Newswire og Framtida.no
Kjell M. Kaasa/Newswire og Framtida.no
Faktaboks

MEDLEMSUTVIKLING SISTE FEM ÅR:

Desse aukar mest:
Noregs Padleforbund: + 55,9 % (har 15 656 medlemmar)
Norsk klatreforbund: + 40,3 % (har 12 583 medlemmar)
Skiforeningen: + 19,0 % (har 57 731 medlemmar)
Den norske Turistforening: + 18,5 % (har 241 520 medlemmar)
Noregs Jeger- og Fiskerforbund: 121 223 medlemmar + 9,3 %

Desse minkar:
Noregs Orienteringsforbund: – 22,5 % (har 23 169 medlemmar)
4H Noreg: – 8,6 % (har 16 663 medlemmar)
KFUK-KFUM: – 6,5 % (har 12 285 medlemmar)

(Kjelde: Frifo)

LES FAKTALUKK FAKTA

Målt i talet medlemmar er det flaggskip som Den norske Turistforening og Norges Jeger- og Fiskerforbund som aukar mest. Fleire gode vintrar på rad har òg fått mange til å melde seg inn i Skiforeningen.

Men i prosent er det padlarane som aukar fortast, med ein medlemsvekst på 56 prosent på fem år.

– Nærkontakt med natur og dyreliv, og dessutan det sosiale fellesskapet i å dra på kortare eller lengre turar med vener og kjende, er viktige faktorar som får stadig fleire nordmenn ut i kajakk og kano, seier generalsekretær Sven Nordby Anderssen i Norges Padleforbund.

Forbundet driv aktivitetar innan fleire område og har størst tilvekst av medlemmar som driv med havpadling eller turpadling.

Fleire kampar
Friluftslivets Fellesorganisasjon (Frifo) er ein paraplyorganisasjon for dei 15 største friluftslivsorganisasjonene i landet. Denne månaden auka talet på medlemmar til 680.000, då Norsk Kennel Klub òg vart medlem.

Frifo husar no til saman 3852 lokallag innan norsk friluftsliv.

– Friluftslivet har alltid stått sterkt i Noreg, og medlemsveksten vår er eit uttrykk for det. Samstundes er det fleire kampar å kjempe. Allemannsretten er under press. Friluftslivet har òg tøff konkurranse frå PC-en og andre stillesitjande aktivitetar, seier Lasse Heimdal i Frifo.

Inaktivitet er den største trusselen mot folkehelsa, berre slått av røyking. Sett i ljos av at friluftsliv er den viktigaste kjelda vår til aktivitet på fritida, har det ein altfor svak stilling på den politiske dagsordenen, meiner Heimdal. Og trekkjer fram eit døme.

– I 2002 uttalte Stortinget at det var eit mål at 7 prosent av anleggsmidla frå spelemidlane skulle gå til friluftsliv. Tal friluftsråda nyleg har henta inn viser at det i fjor berre var litt over 4 prosent som går til nye turstiar, skiløyper, badeplassar og turhytter.

I Finnmark, Nord-Trøndelag, Oppland og Oslo var delen på under 1 prosent.

Færre o-løparar
Ikkje alle organisasjonar opplever medlemsvekst. På fem år er det vorte nestan 7000 færre orienteringsløparar.

– Mindre årskull forklarar mykje av nedgangen av konkurrerande o-løparar. Men biletet er todelt. Det er vekst i den meir mosjonsbaserte delen av orienteringssporten, seier generalsekretær Bjørnar Valstad i Norsk Orientering.

Det krevst ikkje medlemskap i organisasjonen hans for å drive med til dømes turorientering, som kombinerer kart og kompass med naturoppleving og lokalhistorie, og som er meir mosjon enn konkurranse.

– Finn-fram-arrangement og skuledagar med kart og kompas sine, opplever òg eit oppsving, seier Valstad.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

ANNONSE