To av tre meiner velferdsytingar bør bli meir målretta
I ei ny undersøking er 67 prosent einige i at ytingar i det norske velferdssamfunnet bør bli meir målretta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det viser at folk er einige i vår sosialpolitikk, seier Høgres Stefan Heggelund til Klassekampen.
Velferdsbarometeret er ei undersøking utført av Kantar TNS på vegner av Høgskulen i Oslo og Akershus. 45 prosent er ganske einig i denne utsegna: «Ytingane i det norske velferdssamfunnet bør bli meir målretta mot dei som treng det mest i staden for å ha like ordningar for alle». 22 prosent seier seg «heilt einig».
Berre 3 prosent er heilt ueinige, og 8 prosent er ganske ueinige i utsegna.
– Dette er slik vi jobbar. I 2015 fekk 50.000 barn billigare barnehage. Det er fordi vi meiner låginntektsfamiliar fortener billigare velferdstenester enn dei som har god råd, seier Heggelund.
Også Venstres Sveinung Rotevatn er glad for resultatet.
Raudt-leiar Bjørnar Moxnes trur resultatet handlar mykje om korleis spørsmålet er stilt.
– Deira politikk er målretta for å auke forskjellane i Noreg. Det veit vi folk ikkje vil ha. Auka behovsprøving betyr meir byråkrati og svekkjer oppslutninga om velferdsstaten. Det er dei universelle ordningane som er berebjelken i den norske velferdsmodellen, seier Moxnes.
LES OGSÅ: Dystre utsikter for velferdsstaten