Dystre utsikter for velferdsstaten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aller meldingars mor og bestemor i offentleg sektor heiter Perspektivmeldinga. Kvart fjerde år før eit nytt stortingsval ser byråkratane i Finansdepartementet (FIN) inn i krystallkula. Kvar er den norske velferdsstaten om femti år om vi held med å oppføra oss slik vi gjer i dag? Talet dei kom fram til for 2060, var 6. Om vi held fram som vi gjorde i 2012, i alle år framover, ja, så manglar staten 6 prosent av verdiskapinga i Fastlands-Noreg om velferdsstaten skal halda fram som i dag. Talet inkluderer bruken av pengane i Oljefondet.

Dette 6-talet kan vi omsetja i pengar. I dag er bruttonasjonalproduktet for fastlandet (verdiskapinga på sokkelen er ikkje med) på 2400 milliardar, seier FIN. 6 prosent av dette vert 144 milliardar, som tilfeldigvis er nett det same som vi bruker på sjukepengar og uføretrygd. I eit tenkt 2060 må vi altså auka skattane med 6 prosent av BNP eller kutta i til dømes uføretrygd eller sjukepengar.

LES OGSÅ: Helsevesenet veks med forventningane våre

Ikkje reelt
Problemet med talet til Finansdepartementet er at det ikkje er i nærleiken av å vera reelt. I dei fleste år vert nordmenn litt rikare, og når vi vert rikare, har vi to val: Vi kan velja å arbeide mindre eller å taka imot pengane. I 1930 var eit normalårs-verk 2368, i 2010 var det 1688 timar. Ei perspektivmelding laga i 1930 på same viset som den noverande ville altså ha synt eit overskot på minst 50 prosent. Frå 1930 til 2011 gjekk den røynlege arbeidstida ned med 40 prosent og ned med 23 prosent frå 1970 til 2011.

I siste nummeret av Samfunnsøkonomen har SSB-forskarane Erling Holmøy og Birger Strøm rekna på kva som skjer om vi held fram med å taka ut stadig meir fritid. Dei siste 40 åra har vi altså teke ut 23 prosent meir fritid, dei reknar med at vi i dei neste 50 tek ut 20 prosent, altså går auken i fritid litt ned. Men han er der.

Men karane stoggar ikkje der. Dei har òg gått ut ifrå at vi i Noreg vil halda fram med å auka standarden på helse og omsorg, naturleg nok sidan vi dei siste 30 åra stort sett kvart år har auka kvaliteten med mellom 1,5 og 2 prosent og ofte endå meir. Men dei legg opp til konservativ vekststandard, berre 1 prosent, og sjølv om privat sektor skal ha ein produktivitetsvekst på 2 prosent, som igjen gjer at vi som arbeider i det private, i utgangspunktet får ein lønsvekst på 2 prosent. 2 prosent er elles langt høgre enn veksten har vore det siste tiåret.

LES OGSÅ: Store forskjellar i helsetilbodet

Lik løn
Men produktivitetsveksten i offentleg sektor, som er prega av hender og ikkje maskiner, omsorg og undervisning, får berre ein produktivitetsvekst på 0,5 prosent. Men dette ser alle at ikkje går. Vi i privat sektor kan ikkje få 2 prosent lønsvekst og dei i offentleg berre 0,5. Nei, i Noreg løyser vi dette med skatt. Vi skattlegg privat sektor og gjev pengane til offentleg sektor som tek pengane og byr ein i privat sektor høgre løn for at han skal byrja som lækjar. Dette er heller ikkje problemfritt. For gjennom ei slik handling flyttar vi ein som er i høgproduktiv næring, over i ei lågproduktiv næring. I staden for å prioritera høgre verdiskaping i samfunnet, prioriterer vi betre helse og omsorg.

Men i denne mekanismen ligg det innebygd tragedie. Når vi flyttar ein person frå noko som har potensial for høg produktivitetsvekst, til noko som ikkje har, får vi lægre velstand og dimed mindre pengar å krevja inn i skatt.

Mekanismane som er skildra over, er ålmenne. Mykje av det same hadde skjedd om omsorg og helse var privat. Grunnen til at offentleg sektor har låg produktivitetsvekst i Noreg, ligg i hovudsak i at det offentlege utfører tenester som har låg produktivitetsvekst per natur. Om vi hadde hatt eit heilt privat helse- og omsorgsvesen i Noreg, ville vi måtte betala stadig meir for helse- og omsorgstenester.

LES OGSÅ:– Me må tåla større forskjellar

Eldretsunami
Framover skal Noreg henta massivt med arbeidskraft frå privat sektor til offentleg sektor. Dette betyr at den samla produktivitetsveksten og velstandsveksten kjem til å auka mykje mindre enn før. Grunnen heiter eldrebylgja og er den største statsfinansielle tsunamien i verdssoga. No er 13,6 prosent av oss over 67 år, i 2060 vert det same talet 22 prosent, trur SSB.

Så var det rekninga: Kor mykje betalar eit gjennomsnittleg hushald i skatt i dag? 37 prosent. I dette talet har SSB inkludert arbeidsgjevaravgifta, som teknisk sett vert betalt av arbeidsgjevar, men reelt sett av arbeidstakar sidan arbeidsgjevaren kan taka det av løna hans. I Danmark har dei ikkje arbeidsgjevaravgift, difor har dei høgre skatteratar på direkte inntekter.

Den mest openlyse effekten av eldrebylgja er sjølvsagt alderspensjonane som saman med uførepensjonane skal opp frå 9 til 18 prosent av bruttonasjonalproduktet. Men den store kostnadsdrivaren er og vert helse og omsorg.

LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar i 2030

576 milliardar takk
Kor mykje må vi betala om vi skal taka ut meir fritid og kjøpa betre medisinar og utstyr, seier SSB? Framover ser det faktisk svært lyst ut. Om Stortinget vil, kan dei senka skatten med 5 prosent av BNP i året, eller med 120 milliardar, men frå rundt 2020 må dei byrja å dra til skatteskruven. Og frå 2033 og vidare fram til 2060 må dei auka skattane med 24 prosent av BNP frå dagens, eller 576 milliardar, i dagens kroner. Ein sum som omtrent svarar til det vi bruker på trygd og helse og omsorg i dag.

Denne auken er så sterk at folk vil oppleve fallande levestandard, eller redusert forbruk, gjennom desse 27 åra. Dette igjen gjer at skatteinngangen går ned av di folk vert fattigare, og dimed må skattane endå meir opp. Dei gjennomsnittlege direkteskattane må opp frå 37 til 63 prosent for hushalda. Men vi må hugse at mange som i dag betaler skatt, minstepensjonistar, lågløna og uføretrygda, enkelt og greitt ikkje har råd til å betala høge direkte skattar. Difor må desse vernast. Heile denne skattauken må koma på ei gruppe som alt i dag betalar høge skattar. Folk som tener godt, må rekna med skattar mellom 80 og 90 prosent. I tillegg må dei betala bilavgifter, mva., alkoholavgifter og generelle forbruksavgifter, som vil verta ei stadig mindre kjelde til inntekt for staten sidan forbruket berre må gå ned og ned.

Gje meg alt!
Noreg er eit høgskatteland, dette har skiftande regjeringar fått til ved å dela auka verdiskaping med innbyggjarane (du får lønsauke og eg litt meir skatt). Men frå 2033 av må dei taka all lønsauke og litt til. Dette vil igjen føra til at folk har færre incitament til å arbeide betre og hardare, som igjen gjev lægre produktivitet, og som òg truleg fører til at folk arbeider endå mindre. (Kvifor skal eg arbeida meir når staten i alle høve tek alt?) Eller som SSB seier det: «Det er god grunn til å spørre om det er politisk mulig med så høye skattesatsar som vi her beregner. Når skattesatsene blir så høye som de må bli (…), kan man også få negative tilbakevirkninger som innebærer at skattesatsene må heves ytterligere for at handlingsregelen (fast uttak av Oljefondet), skal holdes.»

Må og må
Men må vi taka ut meir fritid? Vel, problemet er at vi vert stadig rikare fram til 2030, og etter 2030 aukar skattane, og poenget ved å arbeida meir vert borte når staten tek alt.

Standardheving i helse- og omsorg er òg vanskeleg å koma unna. Omsorg i seg sjølv, å gje mat, vaske og trøysta er ikkje kostnadsdrivande. Det er teknologi som driv kostnadene. Nye medisinar, betre maskiner – det er nokså utenkjeleg at vi, i eitt av verdas rikaste land, ikkje skal få tilgang til slikt.

Men som SSB seier: «Det er grenser for hvor høye skatter som vil bli akseptert i et demokrati.» Den einaste løysinga på dette er at folk arbeider meir, noko som seier seg sjølv når vi i dag har 4,5 personar bak éin person over 67 år, og vi går ned til 2,5 personar bak kvar person over 67 år i 2060.

Sidan vi vert så mange færre bak kvar pensjonist, vil nokon seia at vi må få dramatisk meir innvandring. Diverre har Erling Holmøy frå før vist at det ikkje reduserer skattebøra, men derimot fører til redusert arbeidsdeltaking og mindre pengar og ressursar i dei offentlege kassene, og dimed aukar skattebøra endå meir enn denne artikkelen viser. Litt enkelt sagt: Ein uføretrygda polsk snikkar hjelper oss ikkje mot eldrebylgja.

Dei einaste som kan berga oss, er oss sjølve. Lægre toppskatt og deregulering av arbeidsmarknaden er det økonomane plar peika på. I alle høve vil det koma endring. Dei store utgiftsområda i Noreg er distriktspolitikken, trygdene og helse- og omsorgssektoren.

Som forfattarane lakonisk seier til slutt: «Det viktige spørsmålet fremover må være hvordan offentlig velferd kan finansieres på en måte som er opprettholdbar samtidig som den aksepteres av velgerne.»

Artikkelen til SSB er bygd på ein rapport dei skreiv til NRK i vår, som viste at skattane berre måtte opp med 13 prosentpoeng av BNP og at vi fekk levestandardvekst kvart år fram til 2060. No har SSB òg rekna inn standardauke i helse og omsorg og då må skattane opp med 24 prosentpoeng og levestandarden går ned frå 2030 av.

Teksta var først publisert i Dag og Tid.