Mange unge trur dei blir arbeidsledige
Seks av ti ungdommar trur dei vil bli arbeidsledige i løpet av yrkeslivet, viser ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne veka kom Ungdata-undersøkinga der 100.000 elevar påungdomsskulen og vidaregåande skule har svart på spørsmål om blant anna skule, helse og framtida. Eitt av dei tydelegaste funna i rapporten i år er at stadig færre ungdommar er trygge på at dei vil sleppe å gå arbeidsledige etter enda utdanning, skriv Klassekampen.
I 2013 svarte 44,8 prosent av ungdomsskuleelevane at dei ikkje rekna med å bli arbeidsledige i løpet av yrkeslivet. I 2016 har delen som er sikre på at dei vil sleppe å gå arbeidsledige, gått ned med 7,5 prosentpoeng til 37,2 prosent. Jenter er litt mindre usikre på framtida enn gutar.
38 prosent trur dei aldri vil bli arbeidsledige, mot 36 prosent blant gutane.
– Vi ser ein tydeleg tendens over fleire år. Det er vanskeleg å seie kva som er årsaka, men det verkar som ungdom følgjer med og har fått med seg at det kan bli krevjande tider i arbeidslivet i framtida, seier Anders Bakken, forskar ved velferdsforskingsinstituttet Nova og ansvarleg for rapporten. (©NPK)