– Noreg kan bli den første fullelektrifiserte nasjonen i verda

Noreg har moglegheit til å bli det første fullelektrifiserte samfunnet i verda, meiner Energi Norge. Målet er å få det til innan 2050.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under Arendalsveka overleverer organisasjonen eit nytt Vegkart for grøn vekst til klimaminister Vidar Helgesen (H).

Vegkartet inneheld 24 konkrete politikkforslag for grøn vekst i Noreg.

– Klimaendringane og tapte arbeidsplassar i oljesektoren er to av dei største utfordringane i Noreg i dag. Vi meiner fornybarnæringa har stort potensial for å bidra på begge desse områda, seier direktør Oluf Ulseth i Energi Norge til NTB.

– Målet vårt er at Noreg, med utgangspunkt i vasskrafta og eit betre samspel mellom næringsliv og styresmakter, skal bli det første fullelektrifiserte samfunnet i verda innan 2050. På den måten kan vi ta ei sterkare leiarrolle i klimaarbeidet, samtidig som konkurransekrafta vår blir styrkt, seier han.

Unik moglegheit

I Noreg kjem 96 prosent av straumproduksjonen frå vasskraft. I tillegg har Noreg eit velutvikla energisystem, høg elektrifiseringsgrad i hushaldningssektoren og høgst elbiltettleik i verda.

– Det gir oss eit unikt utgangspunkt for å elektrifisere andre samfunnssektorar og dermed kutte utslepp av klimagassar, seier Ulseth.

Men det vil krevje betydeleg innsats, særleg innanfor transportsektoren og olje og gass.

«Elektrifisering er, saman med biodrivstoff, nøkkelen til å gjere transportsektoren utsleppsfri anten lagringa skjer i batteri eller i form av hydrogen», heiter det i rapporten.

Det rullar allereie 110.000 elbilar på norske vegar, og Stortinget har vedtatt at det ikkje skal seljast nye fossildrivne personbilar i Noreg etter 2025.

«Fleire vegkart viser at utsleppa her kan bli fjerna innan 2050, men det vil krevje betydeleg innsats innanfor alle delar av sektoren», skriv Energi Norge i rapporten.

For olje- og gassnæringa kan utsleppa bli kutta betydeleg gjennom elektrifisering av sokkelen frå land.

Fornybar vekst

Fullelektrifiseringa av samfunnet er ikkje berre bra for klimaet, men også for utvikling av ny industri og nye teknologiarbeidsplassar.

Fornybarnæringa står for stadig meir av verdiskapinga og er no høgare enn for alle andre fastlandsnæringar. Allereie i dag er det over 100 bedrifter i Noreg som jobbar med elektrifisering av transport, også i maritim sektor, påpeiker Energi Norge.

Men det kan bli enda betre.

– Vi meiner at verdiskapinga i fornybarnæringa kan bli dobla innan 2050, seier Ulseth. (©NPK)

Les også: Elbil er eit stadig billeggare klimatiltak