Elbilen er eit stadig billigare klimatiltak
Den forventa teknologiutviklinga gjer elbilen til eit stadig rimelegare klimatiltak, viser ein fersk analyse frå Miljødirektoratet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etaten har rekna på kva det vil koste å fase elbilar inn i personbilparken fram mot 2030.
Analysen viser at den gjennomsnittlege tiltakskostnaden ligg på mellom 600 og 1.100 kroner per tonn CO2 for tiltak som reduserer utsleppa i perioden 2021– 2030 med 7– 12 millionar tonn.
– Den forventa teknologiske utviklinga gjer at dette ikkje er dyrare enn andre klimatiltak vi har greidd ut i transportsektoren, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.
Tiltakskosten viser kva eit tiltak for å kutte i utsleppa kostar og er eit nyttig verktøy for å finne ut kva for klimatiltak som gir størst utsleppskutt per krone. (©NPK)