Lagar du Noregs beste honning? Då må du melda deg på NM i honning
Meisterskapen blir arrangert for første gong i september.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lagar du Noregs beste honning? Meld deg på honning-NM!
Målsetjinga med meisterskapen er å inspirere til meir bruk av honning og til meir birøkt, skriv tidsskriftet Birøkteren.
Det skal kårast «Årets honning» i tre kategoriar: beste økologiske honning, beste konvensjonelle honning og den beste honningen med tilsetjing. Honningprodusentar frå heile landet blir oppfordra til å sende inn produkta sine som så blir vurderte av ein jury.
I tillegg skal det kårast «Årets birøktar». Vedkommande må vere eit førebilete og ei støtte for andre birøktarar. Honningcentralen ønskjer seg namn på kandidatar og informasjon om kva som særmerkjer desse personane.
Årets honningoppskrift er den tredje konkurransegreina i NM i honning. Alle kan sende inn favorittoppskriftene sine. Føremålet er å vise gode måtar å bruke honning på til kvardag og fest.
Juryen
Det er ein breitt samansett jury som skal kåre vinnarane. Juryleiar er Arne Hjeltnes. Med seg har han fått vinekspert Merete Bø, kjendiskokk Toralf Bølgen, artist Jørn Hoel, ølkjendis Espen Smith, produktgruppesjef i NorgesGruppen Eivind Haalien og kvalitetssjef i Honningcentralen Tora Snorradottir.
For å vere med i konkurransen må ein ha sendt inn produkt og namn på nominerte til Honningcentralen 1. september. Offentleggjeringa av vinnarane vil skje 22. september under arrangementet Matstreif i Oslo.
- LES OGSÅ: Honningbarna heidra med artistpris