Honningbarna heidra med eigen pris frå artistane

Framtida
Publisert
Oppdatert 15.06.2017 10:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Honningbarna heidra med pris

Det var artistforeininga GramArt som tysdag kveld delte ut prisen, som er kalla opp etter den døde popnestoren Arne Bendiksen.

–Prisvinnaren i år er kjenneteikna av ein energi, ei speleglede og det kaotisk uføreseielege som gjer at ein kan sjå blaserte 40-åringar kasta seg rundt i moshpiten saman med fresande tenåringar på konsertane deira, skriv juryen i grunngjevinga si.

Honningbarna debuterte i 2010 og har til saman gjeve ut tre album.

Bendiksenprisen er på 100.000 kroner og blei i år delt ut for åttande gong. Tidlegare har mellom andre Karpe Diem, Stein Torleif Bjella og Highasakite vunne prisen. Juryen er sett saman av styret i GramArt.