Desse politikarane får leike leksikonredaktør i valkampen

Nettleksikonet Allkunne har invitert politikarar frå alle parti til å vere gjesteredaktør før valet.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nynorske digitale leksikonet Allkunne presenterer fram til stortingsvalet temasider med informasjon om nettopp valet. I tillegg har dei bede nynorskbrukande politikarar frå alle partia om å vere gjesteredaktørar. Dei får ynskje seg artiklar som blir fremma på framsida av Allkunne.no og i sosiale medium, skriv leksikonet i ei pressemelding.

– Som leksikon har vi ansvar for å gjere kunnskap tilgjengeleg for folk, slik at dei har høve til å setje seg inn i ulike saker og finn ut kva dei skal meine om noko, seier redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Gjesteredaktørane har ingen innverknad på innhaldet i artiklane.

Tore Storhaug (KrF), Sveinung Rotevatn (V), Fredric Bjørdal (Ap), Jon Georg Dale (Frp), Jenny Klinge (Sp) og John-Ragnar Aarset (H) har takka ja til oppdraget.

I tillegg til utveljing av artiklar, har nokre av politikarane vore med på å lage quizar. Sveinung Rotevatn står for ein quiz om Sogn og Fjordane, Fredric Bjørdal kjem med ein om arbeidsliv, medan Jon Georg Dales quiz handlar om landbruk.

Gjesteredaktørane presenterer artiklar om blant anna spælsau, politiske helgar, aktiv dødshjelp og spel i heimkommunen. Med dette er dei med på å vise at nynorsk er eit språk til alt for alle, meiner Sandsmark.