Undersøking: Ungdom fryktar framføringar og gym
Folkehelseinstituttet og Mental Helse Ungdom vil ha psykisk helse på timeplanen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ungdom med angstsymptom har det som regel bra heime, men dårlegare med venner og på skulen. Dette viser undersøkingar gjennomført av Uni Research blant 1.700 ungdommar frå ulike delar av landet, melder NRK.
Gjennom forskingsprosjekt har ein også funnet ut at risikoen for å utvikle angstsymptom er fem gonger større om ein er jente. Forskarane ser at fleire kjenner på frykt i kvardagssituasjonar som skuleframføringar og gym. Psykologspesialist og forskar Solfrid Raknes seier til kanalen at lærarar spelar ei sentral rolle i å hjelpe dei unge.
Folkehelseinstituttet meiner ei løysing på problemet kan vere å ha psykisk helse som eit eige fag.
– Det er opp til utdanningsinstitusjonane å vurdere dette, men eit slikt innslag i skulen trur eg er viktig for å kunne forstå psykisk helse, seier Simon Øverland, fagdirektør for psykisk helse og rus, til NRK.
Organisasjonen Mental Helse Ungdom har kjempa i mange år for å få psykisk helse som eit eige fag.
– Det er rart at elevar lærer om kor mange ribbein vi har i kroppen og kor mange tenner vi har i munnen, men ikkje kor mange kjensler vi har i hovudet, seier leiar Adrian Lorentsson til NRK.