Sp-politikar: – Pinleg at staten ikkje oppfyller nynorskkravet

Talet på stortingsdokument på nynorsk har falle kraftig under Solberg-regjeringa. Senterpartipolitikar, Jenny Klinge, meiner det er direkte pinleg.

Framtida
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Staten pålegg enkeltpersonar og bedrifter ulike krav, og følgjer opp med nye pålegg eller bøter dersom desse ikkje oppfyller krava. Då er det direkte pinleg at staten sjølv ikkje klarer å oppfylle kravet til bruk av nynorsk i statlege dokument, seier Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

NRK skreiv tidlegare denne veka at delen stortingsdokument på nynorsk har falle kraftig under Solberg-regjeringa. I 2012 var 26,3 prosent av stortingsdokumenta på nynorsk. Fire år seinare er delen berre 16,8 prosent,

– Nynorskbrukarane fortener å møte skriftspråket sitt i ulike samanhengar, og statlege dokument er viktige i så måte. Dette handlar om kva staten skriv i sosiale medium og i større og mindre dokument, inkludert stortingsdokument. Under den raud-grøne regjeringa var bruken av nynorsk i stortingsdokument over kravet, medan bruken av nynorsk i slike dokument har gått ned mykje under den blå regjeringa. Dette handlar altså om politikk òg, ikkje berre om ei lite bevisst haldning hos byråkratar og embetsverk, seier Klinge.

Det er berre to statsrådar i regjeringa som brukar nynorsk som hovudmål; olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) og landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp).