Forskarar åtvarar mot å fjerna song i skulen: – Vil vera til skade for barn og unge
Sterke åtvaringar mot å tona ned songen og andre estetiske uttrykksformer i skulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarar åtvarar mot å fjerna song i skulen
– Me er sterkt uroa over kunst og kultur sin manglande plass i den nye generelle delen av læreplanen.
Dét skriv fag- og forskingsmiljøet i musikk ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Stord, i eit høyringsbrev i høve framlegget til ny generell del av læreplanen.
Det er Stord24 som først skreiv om høyringsbrevet deira.
Som Framtida.no skreiv i mai, er song tatt ut av det nye forslaget til eit av dei viktigaste styringsdokumenta i skulen.
LES OGSÅ: Berre seks av ti kan «Ja, vi elsker»
Åtvarar mot svekkja lærarutdanning
Fag- og forskingsmiljøet på Stord ønskjer ei sterkare forankring av kreativitet, kunst og kultur i læreplanen, og meiner at dette, og ikkje minst song, kan gje ei sterkare lærarutdanning for heile det 13 årige skuleløpet.
– I dag står desse sidene ved ein lærar sin yrkeskunnskap svært svakt. I den nye femårige lærarutdanninga vil over 90 prosent av lærarkandidatane stå utan desse erfaringane frå eiga yrkesutdanning, skriv dei i høyringsbrevet, og held fram:
– Dei estetiske faga og dermed songen, er sterkt svekka i denne utdanninga og kan dermed vera på veg ut som dannande verkemiddel i det norske danningsprosjektet.
LES OGSÅ: Denne klassen syng nesten kvar dag
– Svekkar samkjensla i landet
Forskarane og lærarane ved Høgskulen på Vestlandet meiner at ein slutt på ein stor og stolt songtradisjon og ei slik utvikling ikkje er det norsk skule treng:
– Skulle så skje, utan at det politiske miljøet grip inn, vil det ikkje berre vera til skade for barn og unge i dagens skule. Det vil også svekka samkjensle og fellesskap i dette landet, skriv dei i høringsbrevet.
LES OGSÅ: Ungdommar syng nesten aldri i skulen
– Må gi rom for estetiske uttrykksformer
Også ei rad andre høyringsinstansar er kritiske til at forslaget til generell del av læreplanen ikkje nemner song, og at andre estetiske uttrykksformer har for liten plass.
Utdanningsforbundet skriv i sitt høyringssvar at ytringsfridomen og retten elevane har til uttrykka seg på fleire måtar, også estetiske uttrykksformer, må styrkjast i framlegget.
Norsk fagråd for musikk, dans og drama meiner forslaget er lite inspirerande og at det har eit instrumentelt læringssyn, og at dei estetiske faga må styrkjast.
Foreldreutvalet for grunnopplæringa meiner estetiske kompetansar mot tydeleggjerast i den nye planen, og at elevane må få erfaring med andre læringsmetodar enn dei akademiske.
Vil styrka praktisk-estetiske fag
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier til Stord24 at han ikkje har noko ønskje om å ta songen ut av skulen.
– Me jobbar med ein annan plan for å heve dei praktisk-estetiske faga i skulen. Så dette er viktige fag som me jobbar med å styrka og ikkje trekka. Så er spørsmålet kor stor plass dei skal ha i den generelle delen av læreplanen, seier Isaksen.