Frankrike vil forby ny leiting etter olje og gass
Ministeren for økologisk overgang varslar ny lov.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frankrike skal slutta å gi lisenser til leiting etter olje og gass som ein del av ein overgang til miljøvennleg energi.
– Det vil ikkje bli gjeve nye leitelisensar for hydrokarbon, seier Nicolas Hulot til BFMTV, ifølgje The Independent.
Hulot er den nye minister for økologisk overgang i Macron-regjeringa,
Den franske presidenten, Emmanuel Macron har profilert seg på forpliktingane i Paris-avtalen. Og det er klart at ei ny lov mot leiting etter hydrokarbon skal vera klar til hausten.
LES OGSÅ: Macron: «Make our planet great again»
Samanlikna med Noreg er Frankrike ein lilleputt innan oljeproduksjon, og produserte berre éin prosent av den norske produksjonen i 2016.
Kjernekraft står for kring 75 prosent av elektrisitetsproduksjonen i Frankrike.