Nesten 24 millionar besøk ved biblioteka i fjor
Norske folkebibliotek har aldri hatt så mange besøk som i fjor. Utlånet av barnebøker har gått opp, mens det har vore ein nedgang i utlånet av bøker for vaksne.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Meir besøk enn Tippeligaen, kinoane og kyrkja til saman
– Norske folkebibliotek hadde nesten 24 millionar besøk i fjor. Det er det høgste talet vi har målt, og det kjem i hovudsak av at biblioteka har klart det som har vore eit politisk mål: å gjere biblioteka til ein møteplass, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.
Statistisk Sentralbyrå la torsdag fram dei såkalla Kostra-tala, som er eit rapporteringssystem for norske kommunar. Tala viser at det er bibliotekbrukarane i Nord-Trøndelag som er dei ivrigaste. Mens kvar av oss i gjennomsnitt besøkte biblioteket 4,6 gonger i fjor, oppsøkte folk i Nord-Trøndelag folkebiblioteket 8,6 gonger i 2016.
Totalt vart det lånt ut drygt 22 millionar bøker og andre medium ved norske folkebibliotek i 2016. Barna er dei ivrigaste boklånarane. Mens det per person i fjor vart lånt ut i gjennomsnitt 1,87 bøker for vaksne, var det tilsvarande talet for barnebøker 9,39.