Erlend Bratland deltar i «Stjernekamp» på NRK

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.06.2017 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka blei først publisert i Kvinnheringen.

I dag, onsdag, blei det klart kven som skal delta i den sjette sesongen av Stjernekamp, som går av stabelen på NRK1 til hausten. Husnes-guten Erlend Bratland (25), som dei siste åra har budd i Oslo, er ein av dei ti artistane som skal kjempa om å koma heilt til topps i musikk-konkurransen der ulike musikksjangrar står på menyen frå gong til gong.

Bratland blei raskt ein medieyndling då han vann Norske talenter i 2008, berre 16 år gamal. I 2015 kom han på 2. plass i den norske finalen av Melodi Grand Prix. Seinast sist jul kom Bratland heim til Husnes for å halda julekonsert, og no kan altså kvinnheringane og andre gle seg til å sjå og høyra gullstrupen på tv i beste sendetid på laurdagskveldar i haust.

LES OGSÅ: Erlend Bratland: –Sminke er like mykje for gutar som jenter

Her er alle deltakarane i Stjernekamp

Didrik Solli-Tangen

Ida Maria Børli Sivertsen

Gaute Ormåsen

Benedicte Adrian

Adam Douglas

Ina Makeda Halvorsen Dyhre

Lisa Børud

Erlend Bratland

Aleksander Walmann

Hilde Lyrån