– Sminke er like mykje for gutar som jenter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Nordhordland.

Det seier Erlend Bratland, som er makeup artist og frisør. Mest kjent er han fordi han vant TV-konkurransa "Norske Talenter" i 2008.

No jobbar han for eit makeupmerket, og reiser rundt om kring i Norge for å halda sminkekurs. Torsdag var han på Rose Parfymeri på Knarvik seter.

– Eg har reist heilt frå Oslo for å halda kurs på Knarvik senter, noko eg gleder meg til. Eg har aldri vore i Nordhordland før, sjølv om eg budde i Bergen nokre år, så det var fint å koma ut hit, seier han.

LES OGSÅ: Ekteparet driv med to ulike fagfelt – har etablert seg saman på Frekhaug senter

– Får færre skeive blikk

Bratland seier det byrjar å verta meir og meir aksepter for gutar å sminka seg.

– Eg har sjølv sminka meg sidan eg var 12 år, og eg får mykje færre skeive blikk no enn eg gjorde før. No får eg faktisk mest kompliment fordi eg som gut brukar sminke. Det synest eg er ein fin utvikling, seier makeup artisten til Avisa Nordhordland.

– Eg har sjølv sminka meg sidan eg var 12 år, og eg får mykje færre skeive blikk no enn eg gjorde før, seier Erlend Bratland.

– Eg har sjølv sminka meg sidan eg var 12 år, og eg får mykje færre skeive blikk no enn eg gjorde før, seier Erlend Bratland. (Foto: Irene Bratteng Jenssen)

Bratland trur mykje av grunnen til denne utviklinga er grunna sosiale medier, som har gjort det meir akseptabelt for gutar i finna fram sminkekosten.

– Gutar har jo også kviser eller andre ting dei vil skjule – det er ikkje berre jenter som tenkjer på slikt, seier han.

LES OGSÅ: Droppa sjukepleiarlivet og starta sin eigen arbeidsplass

– Heng igjen i utkantane

Bratland seier han merker stor forskjell på folk sine haldningar i storbyar og på "landet".

– I utkantane heng dei kanskje litt igjen når det gjeld slik tankegang, men det vil vel verta meir om meir akseptert der og, seier han.

LES OGSÅ: Kid Interiør er siste nye butikk i Knarvik senter

– Dette må ein ha i skapet

Erlend har fleire gode sminketips på lagert, og for Avisa Nordhordland sine lesarar røper han gjerne kva han meiner er fire viktigaste sminkeprodukta alle bør ha.

– Ein fuktighetskrem med farge som jamnar ut raudtonar, eit kaldt solpudder, ein god mascara som ikkje klumpar og ein leppestift med litt farge er alt ein treng viss ein har fem minutt framfor spegelen før ein må ut døra, seier Bratland.