Ryddeaksjon langs heile kysten
Organisasjonar får 5000 kroner i støtte for å vere med på ryddedugnaden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne veka skal det ryddast langs heile kysten frå nord til sør. Aksjonen vert leia av Fiskebåt – havfiskeflåtens organisasjon, og interessa er stor.
– Det er svært gledeleg at fleire lag og organisasjonar langs heile kysten har lyst til å vere med å hjelpe oss i dette viktige arbeidet, seier informasjonsleiar i Fiskebåt Odd Kristian Dahle.
Fiskebåt er ein interesseorganisasjon for den havgåande fiskeflåten og omfattar rundt 200 fiskefartøy. Dei er opptatt av å drive ei berekraftig hausting av fiskeressursane og å støtte tiltak som kan redusere søppelet i havet.
– Vi måtte auke både deltakartalet og pengesummen, for det var så mange gode prosjekt som vi ikkje kan la vere å gi støtte til. Dette er eit samarbeid mellom oss i Fiskebåt og Norges Råfisklag. Begge organisasjonane ser på dette som ei svært viktig sak å støtte opp om.
Dahle håper også bedrifter vil delta i ryddedugnaden.
– Vi oppmodar også bedrifter til å gjere ein innsats. Viss ein set av ein liten ettermiddag, er det utruleg kor mykje søppel som kan samlast inn, seier Dahle.
LES OGSÅ: Klimakrise for korallreva