Ny forsking: Klimakrise for korallreva

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimakrise for korallreva

Store delar av barriererevet nordaust i Australia står i fare for å bli øydelagt av klimaendringar, viser ny rapport.

Dei 2000 kilometerane kalla Great Barrier Reef, barriererevet på norsk, er verdas største korallrev. Tre gongar sidan 1980 har delar av revet plutseleg mista farge, og korallar har døydd. Den første skjedde i 1998, den andre i 2002, og det siste og mest alvorlege tilfellet var i fjor vinter.

Auka temperatur i havet
Korallbleiking skjer når algane forlêt korallrevet på grunn av auka temperatur i havet. Varmt vatn over fleire veker påverkar samspelet mellom korallane og algane, og utan algar, vert det berre dei kvite korallane at.

Fargelause korallar fungerer ikkje som normalt, og dersom ikkje temperaturen søkk slik at algane kan kome tilbake innan nokre dagar eller veker, vil mange av korallane døy.

I ein ny rapport ei stor gruppe australske forskarar kartlagt konsekvensane av dei tre bleikingane.


Forskar Andrew Baird overvåkar friske korallar i Great Barrier Reef, oktober 2016. Foto: Tane Sinclair-Taylor.

Klar tale
Prosjektet er leia av Terry Hughes ved  ARC Centre of Excellence for Coral Reef Studies ved James Cook University i Queensland, og resultata vart publisert i Nature denne veka.

Funna viser at skadane etter bleikinga som skjedde i 2016 er mykje større enn dei to føregåande hendingane I 1998 var det om lag 45 prosent av dei undersøkte reva som vart råka, men i 2016 var det berre 9 prosent som ikkje vart utsett for ekstrem bleiking.

– Dette er klar tale frå forskarane, kommenterer Jan Helge Fosså, forskar ved Havforskningsinstituttet i Bergen, som vurderer studien som grundig og solid.


Over 60 prosent av korallane er bleika (kvit/rosa) i eitt av områda nord i Great Barrier Reef. Video frå ARC, mars 2016.

Meir og meir alvorleg
Forskarane såg at områda der det var mest bleiking var dei same havområda som hadde høgast temperatur over lengre tid. Temperaturauken i havet har blitt meir ekstrem dei siste åra, noko forskarane ser att i korleis korallreva vert påverka.

For 171 individuelle korallrev hadde forskarane data frå alle dei tre bleikingane. I 1998 vart 43 prosent bleika, i 2002 var det 56 prosent som vart påverka, og i 2016 vart heile 85 prosent av korallreva bleika.


Store område av korallar ved kysten av Australia er bleika. Foto: Morane Le Nohaic

– Om vi ikkje gjer noko med trenden i den globale oppvarminga, vil vi høgst sannsynleg miste barriererevet, seier Fosså.

Lokale tiltak (slik som fiskeforbod og status som naturreservat) for å verne om livet rundt korallreva bidrog ikkje til å beskytte reva mot bleiking. Heller ikkje tidlegare episodar med korallbleiking gav nokon beskyttelse for korallane.

Ny sesong med varmt vatn
Det ser også ut til at mars 2017 kan føre til ein ny varmeperiode med bleiking og massedød, melder ARC på sine heimesider.  

«Vi håpar at dei neste 2-3 vekene kjølnar av raskt, slik at årets bleiking ikkje blir i nærheiten av fjoråret», uttalar Terry Hughes i ei pressemelding.

Forskar Kim Cobb ved Georgia Institute for Technology, uttalar til New York Times at «ideen om at det er 20 eller 30 til den neste bleikinga av korallane er ein fantasi.»

Livnærer mange
Millionar  av menneske livnærer seg på fiskane som lever ved korallrev rundt om i heile verda, og tusenvis arbeider i turismenæringa som friske og mangfaldige korallrev gir.


Fiskane som bur i reva er avhengige av friske korallar. Her ein sommarfuglfisk midt mellom bleika korallar på Great Barrier Reef, april 2016. Foto: Ed Roberts,Tethy Images.

Dersom barriererevet og andre korallrev døyr, vil det få svært store ringverknader, både for det biologiske mangfaldet i havet og for oss menneske.

– Det er triste greier, avsluttar Fosså.

Trengs umiddelbar handling
Forskarane er tydelege på at det trengs umiddelbare handlingar for å stoppe klimaendingane for å sikre ei framtid for korallreva.

Forskarane avsluttar samandraget av forskingsartikkelen sin slik:

«Consequently, immediate global action to curb future warming is essential to secure a future for coral reefs.»


Ein bleika korall på Great Barrier Reef, fotografert mars 2017. Foto: Bette Willis

Her kan du sjå forskar James Kerry frå ARC Centre of Excellence for Coral Reef Studies bli intervjua av BBC om korallbleikinga i 2016:

Fleire forskingsnyhende:

Oppdaga sjølvlysande frosk

Slik overlever bjørnedyret utan vatn

Sunniva Rose forskar på atom som sveittar