KrFU vil kutta BSU

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne helga er KrF samla til landsmøte i Trondheim. Her ber KrFU moderpartiet om å tenkja på framtidige generasjonar og kutta i utgiftene.

– Om få år vil me koma i underskot og då må me strama inn. Difor kjem me med kuttforslag som me meiner vil bidra til lågare pengebruk samstundes som dei ikkje går utover dei svakaste i samfunnet, seier KrFU-leiar Ida Lindtveit til NRK.no.

Ungdomspartiet føreslår å senka utgiftene ved å redusera sjukeløna til 80 prosent, heva nedre pensjonsalder frå 62 til 65 år, fjerna skatteklasse to og fjerna BSU-ordninga.

Påtroppande nestleiar i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, seier til NRK at han ikkje vil fjerne BSU, skatteklasse to, heve pensjonsalderen eller redusere sjukelønna.

Tidlegare har ungdomspartiet føreslege å senka BSU-grensa frå 33 år til 28 år.

Eit anna av forslaga i partiprogrammet for 2017-2021 er å utvida ordninga med gratis helsehjelp til også å gjelde ungdom mellom 16 og 18 år. Dette forslaget vil KrFU stryka.

«Å utvide ordnigen med gratis helsehjelp til å gjelde ungdom mellom 16-18 år er unødvendig bruk av ressurser, uten at det er noe reelt behov for det. Ungdom fra 16 år og oppover kan fortsette å være inntatt i den alminnelige frikortordningen, slik det er pr i dag, og med et støttet helsesøstertilbud vil mange kunne bruke dette som første møte med helsesektoren,» skriv dei i endringsforslaget.

LES OGSÅ: Pasient- og brukaromboda vil fjerne eigendel for unge hjå legen

LES OGSÅ: KrFU vil setje krav om abortinnstramming