Fekk fleirtal for ny lov mot matkasting

Her er miljøsigrane til AUF på Ap-landsmøtet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljørørsla rasar etter at landsmøtet til Arbeidarpartiet gjekk inn for å vurdera oljeboring utanfor Lofoten.

Arbeidarpartiet gjekk med det imot AUF, som har kjempa for oljefritt LoVeSe. Men ungdomspartiet fekk likevel gjennomslag for andre miljøtiltak:

Landsmøtet vedtok å forsterka innsatsen mot matkasting gjennom samarbeid med matbransjen, etablering av matsentralar, informasjonsarbeid og starta arbeidet med ei matkastelov for å sikra at butikkar og restaurantar ikkje kastar eteleg mat, men heller gjev overskotsmaten til gode formål.

AUF fekk òg gjennomslag for strengare krav til deponering av gruveavfall, redusert bruk av plast og mikroplast i forbruksvarer og å arbeida for ein felles europeisk panteordning.

LES OGSÅ: Vi kastar kvar åttande pose med mat