Nordmenn elskar bøker, og ikkje berre i ferien
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
At nordmenn er glad i å lesa bøker på fritida, slår statistikken heilt tilbake til 1991 fast.
– Det har vore ein nedgang i lesing av alle andre trykte medium, medan lesing av bøker har hatt ein auke over løpet av åra, seier Odd Vaage til SSB.no. Han er seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå og forfattar av kultur- og medienytteundersøkinga Norsk mediebarometer.
Av alle kulturtilboda det blir spurt om, er boklesing det flest folk er særs interessert i.
– Både idrettsarrangement og konsertar er andre populære aktivitetar, med høvesvis 20 og 21 prosent som oppgjev at dei er særs interessert. Men det som tronar øvst på lista, med heile 25 prosent, er faktisk bøker, seier Vaage.
LES OGSÅ: Skjønnlitteratur kan gjera deg meir empatisk
Kor mykje les vi?
Seniorrådgjevaren fortel at 23 prosent av alle nordmenn les bøker kvar dag på fritida. 43 prosent les bøker vekentleg, ein oppgang på seks prosentpoeng frå dei første målingane på byrjinga av 90-talet. Òg talet på minutt brukt på boklesing har auka blant dei daglege lesarane: frå 60 minutt i 1991 til 71 minutt i 2015 .
– Både papiraviser, vekeblad og tidsskrift har hatt ein kraftig nedgang over løpet til åra. Det er altså berre den trykte boka som held stand, i alle fall førebels, seier Vaage.
Han fortel at e-bøker på ingen måte har overteke for papirbøker. I 2015 var det berre to prosent som hadde lese e-bøker i løpet av ein dag.
LES OGSÅ: Boklesarar lever lenger
Krim året rundt
Vaage er kan fortelja at nordmenn likar å lesa om mord og mysterium året rundt, og ikkje berre i påska.
– Blant forfattarane som er gjengangrar på listene våre, er ein stor overvekt krimforfattarar. Jo Nesbø, Anne Holt, Gunnar Staalesen og Unni Lindell finn me øvst på lista over norske romanforfattarar som blei lese av deltakarane i kulturnytteundersøkinga mellom 1994 og 2012, seier Vaage til nettsidene til SSB.
Han fortel at òg lista over internasjonale forfattarar viser at det er krim- og spenningslitteraturen som oftast blir lese, der krimforfatterne Stig Larsson og Henning Mankell er å finna på toppen.
LES OGSÅ: Kva krim likar Frode Grytten, Ragnhild Kolden og Lars Mæhle?