Skjønnlitteratur kan gjera deg meir empatisk
Endå ein god grunn til å lesa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kan gjera deg meir empatisk
Gode bøker kan gjera deg betre til å setja deg inn i situasjonen til andre folk. Det kjem fram ein ny artikkel i tidsskriftet Trends in Cognitive Sciences, ifølgje Forskning.no.
Keith Oatley, som er psykolog og forskar ved Universitetet i Toronto i Canada, har gått gjennom mange forskjellige studiar om korleis skjønnlitteratur påverkar forståinga vår av verda.
Det viste seg at folk som hadde lese mykje fiksjonsbøker skåra høgare på empati-testen, men det gjaldt berre for romantiske og krim/thriller-historiar. Forskarane fann ikkje høgare empati mellom dei som las science fiction eller sakprosa.
Ein annan nyare studie, viser ein samanheng mellom boklesing i barndom og ungdom og høgare inntekt seinare i livet.
Treng du tips til gode bøker i sommar? Sjekk ut desse bokmeldingane!