Vil ha «godt norsk» på ullgarnet
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei som strikkar her i landet brukar truleg enten garn av ull frå utanlandske sauer, spunne i Noreg, eller 100 prosent utanlandsk garn. Berre ein liten del av det 1,5 milliard store garnforbruket vårt er heilnorsk, fortel NRK.
4.260 tonn ull
Sist «ullår» leverte norske sauer 4.260 tonn ull, men berre 20 prosent blei verande i Noreg.
– Vi importerer fiber vi veit lite om, frå ein industri vi ikkje kan kontrollere. Norske sauer har beita i norsk natur, er beskytta av norske dyrevelferdslover og er ein del av det gode, norske landbruket, seier Sølvi Westvang, prosjektleiar for Norges Husflidslag-prosjektet Ullialt, til NRK.
Organisasjonen slår no eit slag for den norske ulla og vil at heilnorsk ullgarn skal bli tydeleg merka så forbrukarane veit kva dei har i strikketøyet sitt.
LES OGSÅ: Vil ha snuoperasjon i tekstilbransjen
«Riktig» ull
Prosjektet Ullialt starta i 2015 og blir avslutta i 2018. Eitt av måla er å auke produksjonen av heilnorsk ullgarn. Og til det trengst fleire sauer med «riktig» ull. Derfor frir husfliden også til bøndene.
– Vi må ha meir av den beste ulla i Noreg. Bøndene må bli meir medvitne på kor utruleg flott eit produkt dei kan lage i tillegg til kjøtet, seier Ingunn Grimstad Klepp, forskar ved Statens institutt for forbruksforsking (SIFO).
Kjøtfokus
Inntoget av syntetiske fiber, kombinert med at saueavl først og fremst har fokusert på kjøtkvalitet, er noko av bakgrunnen for at så lite norsk ull vert brukt her i landet, meiner Sølvi Westvang. No håpar ho å få på plass ei merkeordning, etter modell frå for eksempel Nyt Norge på matvarer.
– Innhaldsdeklarasjon og opphavsland tar vi som ei sjølvfølgje når det gjeld mat, påpeiker Sifo-forskar Ingunn Grimstad Klepp og støttar kravet om merking. Klepp og kollegaer publiserte nyleg rapporten Opprinnelsesmerking av norsk ull.
Slik ser det ut når ein verdsmeister i saueklipping svingar maskina: