Regjeringa gir 35 millionar til forsking på læring
Målet er kunnskap som gir ein betre lærarutdanning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskingsrådet får 35 millionar for å styrke forskinga på korleis elevar best tileignar seg faglege kunnskapar, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
– Ved å forske meir på kva som skal til for at elevane lærer betre, vil vi få ein betre lærarutdanning. Det vil igjen gi endå dyktigare lærarar, noko som er viktig for elevane sin læring, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Han peikar på at behovet for kunnskap om korleis elevane lærer, er særleg høgt innan engelsk og matematikk. Tildelinga av forskingsmidlar er eit ledd i omlegginga av grunnskulelærarutdanningane til masterutdanningar.
Forskingsrådet sitt programm FINNUT skal fordele pengane til ulike prosjekt etter søknad.