Norsk 24-åring bak Grammy-vinnar
Chance the Rapper vann pris for sitt samarbeid med norske Lido.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I natt vart den amerikanske musikkprisen Grammy delt ut for 59. gang.
Adele vart kveldens store vinnar med i alt fem prisar. «25» vart årets album og «Hello» vann prisen for årets song.
I alt ni nordmenn var involvert i ein eller annan nominasjon, men Peder Losnegård frå Tysvær var den einaste som kunne feira med pris, melder Tysvær Bygdeblad.
Losnegård, som er best kjent under artistnamnet Lido, står oppført som produsent og låtskrivar på albumet «Coloring Book» av Chance the Rapper.
– Eg er så glad for at favorittartisten min vart min ven og eg er så stolt over ha hjelpt han å ta heim ein Grammy, skriv Lido på Twitter.
I'm so glad my favorite artist became my friend and I am so proud to have helped him take home a Grammy. Thank you, @chancetherapper.
— Lido (@Lido) 13. februar 2017
Chance the Rapper vann pris i kategoriane «Best rap album», «Best rap artist» og «Best rap performance».
Lido har vore involvert i låtane «Same Drugs» og «Angels».
I dag vart det kjent av Chance the Rapper spelar på Øya-festivalen onsdag 9. august.
Både Beyoncé og David Bowie fekk fleire prisar under utdelinga.
Faktaboks
Nokre av årets Grammy-vinnarar
Årets album: Adele, «25»
Årets låtinnspilling: Adele, «Hello»
Årets song (låtskriving): Adele og Greg Kurstin, «Hello»
Beste musikkvideo: Beyoncé, «Formation»
Beste popalbum, vokal: Adele, «25»
Beste urban contemporary album: Beyoncé, «Lemonade»
Beste rockealbum: Cage the Elephant, «Tell Me I’m Pretty»
Beste alternativrock-album: David Bowie, «Blackstar»
Beste rockesong: David Bowie, «Blackstar»
Beste rapsong: Drake, «Hotline Bling»