Hiphop frå Tysvær

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit musikalsk barn
Peder er oppvaksen i bygda Tysvær utanfor Haugesund, og begynte tidleg å interessere seg for musikk. Faren var dirigent i gospelkor og pla spele cd-ar for å få sonen til å sovne då han var baby. Som toåring fekk han sitt første trommesett – riktignok berre ei leike-utgåve i plastikk – og begynte slik musikar-karrieren sin som trommis. Men etter nokre år gjekk han lei trommesettet.

I staden begynte Peder å skrive songar. Han lærte seg dessutan å spele piano, slik at han kunne akkompagnere seg sjølv. Gjennom ein barndomsvenn vart han etter kvart introdusert for amerikansk hiphop, noko som skulle få mykje å seie for den musikalske utviklinga hans. Den amerikanske påverknaden viser seg også i korleis LidoLido framstår på scena; han verkar mykje meir sjølvsikker og imøtekommande enn det dei fleste norske tenåringar med eitt album bak seg gjer.

Beats
Etter kvart begynte Peder å lage beats på dataen – enkle beats, på eit enkelt program, men dette var dei første skritta hans i retning der han er i dag. I 2005 deltok han i Melodi Grand Prix jr, under namnet Lil'P. Her kom han på femte plass. Neste gong han dukka opp på tv, var i 2009. Først som rappar i Det store korslaget, sidan på NRK sitt musikkprogram Lydverket, med sin eigen låt Go'n be Gone. Han var no blitt 17 år, og kalla seg LidoLido – og hadde allereie opptredd på den anerkjende South by Southwest-festivalen i USA.

Som seg hør og bør i hiphop-verda, gav Peder same år ut ei uoffisiell plate: The Good Guy Mixtape. Men allereie neste år var han klar med singel på plateselskapet Universal. Fake ID (Kidz in the Club)kom våren 2010. Samtidig var han i full gang med å produsere beats for meir etablerte artistar; Timbuktu var blant dei første store rapparane LidoLido samarbeidde med.

Debut
Etter å ha fått eit plateselskap tok LidoLido for alvor fatt på arbeidet med (det offisielle) debutalbumet sitt. Første singel var klar våren 2011 og heitte «Different». Songen gjekk rett inn på p3 sine spelelister, og ved slutten av året var han den mest spelte låten på radiokanalen det året. Hausten same år kom «Turn up the life», eit samarbeid med Timbuktu og Yosef – ein så stor hit at han fekk avslutte Spelemannshowet i januar.

Albumet Pretty Girls & Grey Sweaterskom ein månad seinare. LidoLido har produsert det heile sjølv, laga beats og speler mange av instrumenta. Når han opptrer, har han oftast med seg fullt band, men han spelar også av og til berre med dj; ein kompis som kallar seg Final. Og det har vorte mange konsertar sidan albumet kom. I tillegg til alle gratiskonsertane spelte LidoLido blant anna på Hove- og Skvulpfestivalen sommaren 2012. Han leverer dessutan beats til den norske produsentduoen Stargate i New York – som står bak hits av blant andre Rihanna og Beyoncé.

Denne teksten stod først på trykk i Norsk Barneblad.

Faktaboks

Gå til heimesida til LidoLido!


Musikktips for oktober

Dirty Gold – California Sunrise
Tanlines – All of me
Kolsch feat. Troels Abrahamsen – All that matters
Sandra Kolstad – Branches
Nils Bech – A sudden sickness