Desse studentane har falske nyhende på pensum
Studentar ved Universitetet i Bergen lærer om kritisk tenkning, media og teknologi. – Faget blei svært aktuelt med Trump og Brexit, seier professor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Falske nyhende på pensum
– Læringsmålet er å vere kritisk til digital kultur, kjelder, og metode. Faget tar for seg både falske nyhende og store data, informerer forelesar Knut Melvær.
12 studentar er samla til forelesning om Wikipedia og store datamengder.
– Det er veldig mykje interessant på planen. Eg er interessert i dataspel, samfunn og teknologi, og valde derfor å ta dette faget, fortel Ole Samdal.
21-åringen nyttar ofte Wikipedia sjølv, men ikkje i akademisk skriving.
– Det er viktig å vere kritisk til kven som står bak. Eg veit om ein lærar som med vilje skreiv noko feil på Wikipedia, og det vert ståande i fleire år, fortel Samdal.
Les korleis elevar vurderer falske nyhende på Facebook
– Still heller spørsmål
Forelesar Melvær er opptatt av at studentane er kritiske til Wikipedia, sidan denne sida ofte kjem på topp i søkeresultat på nett. Men han understrekar at Wikipedia også held god kvalitet.
– Eg vil gjerne snu på det: Ikkje leit etter alle svara, men still heller spørsmål.
Han trekk fram at ein fordel med digitale oppslagsverk er at endringane er synlege for brukarane. Både Wikipedia og Store norske leksikon synleggjer kven som har utført korreksjonar i teksten, og Wikipedia inkluderer i tillegg referansar til vitksaplege artiklar og andre nettstader.
– Vi skal poste og samle informasjon. Forskarar gjer også feil, og det er alltid noko nytt å lære. Noko av det viktigaste er å ta feil, seier Knut Melvær, interaksjonsdesigner i Netlife Research og tidlegare stipendiat ved UiB. Foto: Elise Løvereide
LES OGSÅ: Mikroskopisk Intagram
Lærer for å forstå samtida
Seinare i faget skal studentane ta for seg falske nyhende og sosiale medium. Eit av måla er å gjenkjenne korleis kultur er uttrykt i det digitale, og korleis det digitale påverkar kulturen.
– Falske nyhende speler veldig på kjensler, som sinne, overrasking og frustrasjon. Kombinert med ein fasade av truverd slepp dei gjennom filterbobla. Dette blir ein del av pensumet på grunn av verdssamfunnet slik det er no, forklarer Melvær.
Samtida er ein viktig inspirator for val av tema til faget.
– Bachelorprogrammet tar for seg kritiske innfallsvinklar til teknologi og samfunn. Tema for emnene følger politiske endringar. Det siste året har vi sett polarisering i sosiale medium, Brexit og president Donald Trump. Det gjer det veldig aktuelt, seier emneansvarleg Jill Walker Rettberg, professor i digital kultur ved UiB (biletet).
Målet er å gje studentane kunnskap til å gjere verda betre.
– Det må jo vere målet med all utdanning, meiner Rettberg.
LES OGSÅ: Snapchat – no også eit læreverktøy
Fleire UFO-ar i bøkene
På tavla viser Melvær eit Ngram, Google sin oversikt over kor ofte ulike ord vert brukt i litteraturen hjå Google Books.
– Søk på UFO, seier student Lena Susanne Ristesund Siltvedt (26).
Resultatet syner at bruken av ordet UFO auka drastisk frå 1960 til 2000 i dei ulike bøkene.
– Kanskje det har med science fiction å gjere, seier ho. – Eller overtru.
Morgane Lanoy (21) er utvekslingsstudent frå Frankrike, og tar faget som ein del av bachelorprogrammet i kommunikasjon.
– Digitale medium går mykje fortare no. Alle kan poste kva dei vil på internett, og det gjeld å skilje mellom sant og usant. Også tradisjonelle medium kan ha eit ganske snevert perspektiv, meiner ho.
– Fleire her har studert tidlegare, og eg trur mange ramla inn i faget fordi dei vert lokka av digital kultur. Ein lærer om det samfunnet rundt seg, seier student Lena Susanne Ristesund Siltvedt (26). Til høgre: Henrik Øyan (21) og Daniel Klausen (26). Foto: Elise Løvereide.
Propaganda
Utover våren skal studentane skrive artiklar om digital kultur. Emnet skal kople historisk, praktisk og teoretisk informasjon, samt teknologi og etikk.
– Vi går heilt attende til den katolske kyrkja sin bruk av propaganda mot Martin Luther og reformasjonen. Også i dag er propaganda ein del av røynda, der nyhende, annonsering eller data, særleg gjennom algoritmar, stadfestar ting ein allereie meiner, forklarar Rettberg.
Ho meiner at vi bør tenke over om vi ønsker eit samfunn styrt av algoritmar.
– Det er også viktig å vere bevisst på kven som i praksis publiserer og redigerer informasjon. Til dømes er nesten alle bak Wikipedia-artiklar unge, single og barnlause menn i 20-åra. Som konsekvens ser ein færre kvinnelege forfattarar med eiga side på Wikipedia. Det er slike ting vi skal vere klare over i ein digital kultur, avsluttar professoren.
Faktaboks
DIKULT251, Kritiske innfallsvinklar til teknologi og samfunn med bacheloroppgåve
Barcheloremne ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar, Humanistisk fakultet, Universitetet i Bergen
Fagansvarleg: Jill W. Rettberg