Desse studentane er mest nøgde med studiet sitt
Inspirasjon og arbeidslivsrelevans skapar nøgde studentar, viser Studiebarometeret 2016. Her treff politistudiet blink.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse studentane er mest nøgde
Måndag kom tala frå Studiebarometeret 2016, som fortel kva studentane ved norske universitet og høgskular synest om studiet sitt. NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) står bak undersøkinga, som har blitt gjennomført årleg sidan 2013.
Undersøkinga viser at norske studentar generelt er godt nøgde med det dei får ut av utdanninga si, og det er spesielt to faktorar som påverkar kor nøgde studentane er.
Resultata viser at det er store variasjonar mellom ulike studieprogram.
Politistudentane mest nøgde
Som i tidlegare år, er politistudentane dei som er soleklart mest nøgde med studiet sitt alt i alt. Dette omfattar både dei faglege og sosiale sidene ved utdanninga. På ein skala frå 1 til 5 får politistudiet «karakteren» 4,7 i snitt.
Etter dei på tabellen kjem studium som statsvitskap, rettsvitskap (juss), fysikk, sivilingeniør og kunstfag (alle 4,2). I motsett ende av skalaen finn me studentane på 5-årige lærarutdanningar (3,5).
Ser me på tala for kvar enkelt lærestad, er det studentane på Norges dansehøyskole og Rudolf Steinerhøyskolen som er aller mest tilfredse, med ein snittverdi på heile 4,8. Mange av dei små, spesialiserte høgskulane utmerkar seg svært tilfredse studentar.
Blant dei større institusjonane finn me dei mest nøgde studentane på Norges Handelshøyskole (4,4) og Høgskolen i Hedmark (4,4), i tillegg til Politihøgskolen (4,7). Dette kan samanliknast med Universitetet i Oslo og NTNU, som begge får 4,1 i «karakter» av sine studentar.
Les saka vår frå i fjor: Politistudentar mest nøgde med studiet
Inspirasjon + relevans = 🙂
NOKUT har også sett på kva som kan forklara kor tilfredse studentane er alt i alt. Den desidert viktigaste enkeltfaktoren er om studieprogrammet er inspirerande– det vil seia kor godt studieprogrammet klarer å stimulera, utfordra og motivera studentane.
Eitt poeng meir inspirasjon (på ein skala frå 1 til 5) gir 10 prosent meir nøgde studentar, viser analysen.
Opplevinga av at studieprogrammet er relevant for arbeidslivet det som bidreg nest mest til kor tilfredse studentane er. Eitt poeng meir i arbeidslivsrelevans gir over 5 prosent meir nøgde studentar.
Politistudentane, som altså er dei mest nøgde alt i alt, utmerkar seg med ein høg grad av både inspirasjon og arbeidslivsrelevans.
Sjukepleie- og lærarstudentane opplever studiet sitt som svært relevant, men mindre inspirerande. For kunst- og musikkstudentane er det motsett: Dei har mykje inspirasjon, med mindre relevans.
Undervisning og rettleiing, læringsutbyte, studiemiljø og medverknad betyr også litt for kor tilfredse studentane er, men ikkje like mykje som inspirasjon og arbeidsrelevans.
Les meir om undersøkinga på NOKUT sine nettsider. Her finn du hovudrapporten i pdf.
Faktaboks
Ti på topp (mest tilfredse alt i alt):
Politi 4,7
Antropologi 4,2
Rettsvitskap (juss) 4,2
Statsvitskap 4,2
Matematikk/statistikk 4,2
Fysikk 4,2
Sivilingeniør 4,2
Medisin 4,2
Teknologifag 4,2
Kunst 4,2
Fem på botn (minst tilfredse alt i alt):
Grunnskulelærar (5-årig) 3,5
Odontologi (tannlege) 3,7
Lektor 3,8
Samfunnsøkonomi 3,8
Sosiologi 3,8
Kjelde: Studiebarometeret 2016 (NOKUT)