No kryr det av haukugler
Før var dei eit sjeldant syn. No er det haukugle-invasjon i Sør-Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– No er det kanskje så mange som 10.000 – 20.000 haukugler i Sør-Noreg, mot normalt nokre titals hekkande par, fortel professor i zoologi Svein Dale ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i Ås i Akershus til NRK.
Haukugla held vanlegvis til nord i Skandinavia, men så byrja noko å skje sist haust.
– I august fekk vi rapportar om at nokon hadde sett haukugle på Sørlandet, og i september kom det mange rapportar, fortel Dale. Dei siste månadene har ugla vore å sjå over heile Sør-Noreg.
– Vi må heilt tilbake til vinteren 1983–84 for å finne ein tilsvarande invasjon, seier professoren.
Det er freistande mat som er årsaka til at haukuglene har trekt sørover i landet. 2015 var eit museår i Skandinavia.
Haukugla liknar på ein hauk, med tverrstriper på brystet og lang hale. Ho er dagaktiv og derfor lettare å sjå enn mange andre ugler, som er mest på farten om natta. Dale oppfordrar folk som ser haukugle til å rapportere observasjonen på www.artsobservasjoner.no.
Les også om dataspelet Owlboy, der ei uglesett ugle er den utypiske helten!