«Owlboy» – eit eventyr i skyene

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hugsar du vaskebjørndrakta i Super Mario 3? Tenk deg i så fall at Mario heller får ei ugledrakt som gjer at han kan fly heilt fritt. Tenk deg vidare at han kan plukka opp ein væpna Luigi, og at dei saman skal kjempa mot robotpiratar på fykande piratskip – ikkje berre for å redda prinsessa, men heile sivilisasjonen.

Tenk deg også at Mario og Luigi ikkje berre har eitt ansiktsuttrykk, men viser eit heilt spekter av kjensler gjennom spelet. Og at handlinga er vevd inn i ei rik og kompleks historie som spenner seg frå antikke sivilisasjonars visdom til steampunk-møter-Terminator-aktige, høgteknologiske mareritt.

Til slutt tenkjer du deg at grafikken og animasjonen er frigjort frå avgrensingane i dei gamle Nintendo-maskinane, men har bevart all sjarmen den klassiske piksel-kunsten har å by på, medan blipp-blopp-musikken er oppgradert til eit luftig orkestrert lydspor.

Vips, så har du «Owlboy», haustens store norske dataspelutgjeving som har tatt både kritikarar og spelfans verda over med storm.


Traileren til «Owlboy» på YouTube.

Årets ugle
Innleiinga til trass, er spelet noko langt meir enn berre ein oppdatert versjon av dei gamle plattformklassikarane. Det står støtt på eigne bein – eller flyr lett på eigne venger – som eit morosamt, spennande og ikkje minst vakkert eventyrspel.

Noko av det som gjer «Owlboy» til meir enn ein nostalgitripp er persongalleriet. Helten og hovudpersonen Otus er ei ung ugle som slit med å leve opp til forventingane frå læremeisteren Asio og dei andre uglene i landsbyen Vellie. Det blir ikkje betre av at han er stum, og utan evne til å ta til motmæle.

Owlboy5
Stakkars Otus er uglesett i landsbyen fordi han er stum. Skjermdump.

Otus har heller ingen spesielle våpen eller superkrefter til å knusa fiendane med. Det han derimot har, er vener som stiller opp for han; først og fremst den ivrige og temperamentsfulle maskinisten Geddy, seinare blir også fleire andre med på laget (utan at dei skal avslørast her).

Og med gode vener kjem ein straks mykje lenger, både i livet og i kampen mot sivilisasjonstrugande luftpiratar. På den måten er «Owlboy», som magasinet Kill Screen seier det i sin svært leseverdige omtale, «ei meisterleg forteljing om å overskrida funksjonshemming».

Otus og venene hans er personlegdommar du raskt bryr deg om og får oppriktig sympati med. I kombinasjon med eit fargerikt koppel av fiendar, og ei historie med stadige overraskande vendingar og nye lag, gjer dei «Owlboy» til eit engasjerande spel med fleire genuint rørande augeblikk.

LES OGSÅ: Fem dataspel som utfordrar maktstrukturar

Owlboy6
Otus og kompanjongen Geddy i kamp med eit steinkastande holemonster. Skjermdump.

Trong fødsel
Så er det også litt av eit arbeid som ligg bak. Gjengen i det bergensbaserte indieselskapet D-Pad Studio har jobba med «Owlboy» heilt sidan 2007 – før Obama blei valt til president i USA, før den første iPhonen kom til Noreg, og lenge før Framtida.no såg dagens lys. Mykje av denne tida både budde og arbeidde dei i kjellaren hos foreldra til utviklar Jo-Remi Madsen.

Allereie i 2010 vann «Owlboy» prisen for årets spel under Norwegian Game Awards; i 2011 kom den første demoen, med lovnad om at spelet skulle vera klart same haust. Men først fem år seinare – i november i år – kunne fansen endeleg riva det ned frå dei virtuelle butikkhyllene på Steam.

Som dei kloke uglene veit: Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. Sjølvaste Time Magazine er blant dei mange som har hylla spelet som eit av årets beste (kunne dei ikkje ha kåra Otus til Person of the Year i same slengen?).

Les meir om sommarens store hit: Pokémon Go

Owlboy1
På jakt etter skattar både i jorda og lufta. Skjermdump.

Spelkunst
Til slutt: Spelet er svært godt, men kunne vore enno betre.

Kontrollane kan av og til vera litt kronglete; i periodar blir spelinga avbrote for ofte av dialog og filmsekvensar; handlinga ber nokre stader preg av at det har gått mange rundar i redigeringa; og trass i nokre ganske utfordrande passasjar, er spelet i sin heilskap litt for lett, både når det gjeld oppgåvene som skal løysast og fiendane som skal plaffast ned.

Likevel gir «Owlboy» rikeleg med underhaldning heile spelet gjennom. Meir enn det: Spelet er ei påminning om kunsten som kan skapast av eit dataspel når grafikk, musikk og historieforteljing blir foreina i ei oppslukande speleoppleving.

Sjå også redaksjonen sine serietips for romjula.