Vil ha meir nynorsk i VG
Norsk Målungdom håpar Gard Steiro tar med seg gode språkhaldningar til sjefsredaktørstolen i VG.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Vi vil sjå meir nynorsk på spalteplass, ikkje berre i innsendte debattinnlegg.», skriv Norsk Målungdom på Facebook. Oppfordringa går til den nye sjefsredaktøren i VG, Gard Steiro.
Før Steiro kom til VG var han sjefsredaktør i Bergens Tidene (BT). I 2013 feira BT Ivar Aasen sin 200-årsdag med å lage alt det redaksjonelle stoffet på nynorsk. Lenge leve spynorsken, skreiv Steiro, og nynorskbrukarane sette stor pris på stuntet.
Gard Steiro er ny sjefredaktør i VG. Foto: privat
Målungdomen har klare forventingar til språkpolitikken til den nye leiaren.
– Det er viktig at journalistane får lov til å skrive nynorsk fordi VG er ei avis som i utgangspunktet dekkjer heile landet, og dimed har store mengder nynorskbrukarar som lesarar, skriv Synnøve Marie Sætre i ein epost til Framtida.no, og held fram:
– Me meiner nynorskbrukarane skal ha retten til å møte språket sitt i riksmedia. Dette burde vere eit særskilt ansvar for dei største avisene, i og med dei ikkje dekkjer berre eit avgrensa område, men heile landet. Ved å gje journalistane lov til å skrive nynorsk, vil lesarane få møte meir nynorsk.
Sætre er også bekymra for eit press mot nynorskbrukande journalistar.
– Dei kan bli nøydde til å leggje frå seg språket sitt om dei skal jobbe i VG. Det er diskriminering som bokmålsjournalistane ikkje vert utsette for.
Framtida.no har vore i kontakt med Steiro, som er kjend med ønsket om meir nynorsk i VG og andre riksaviser. Han fortel at målform og språk ikkje har vore tema på hans fyrste arbeidsdag som sjefredaktør.
Les Facebook-innlegget til Norsk Målungdom her: