Gyllen pris til HIV-kampanje
SAIH rosar positiv HIV-video og refsar framstilling av fadderordning-konseptet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dei har klart å framstilla HIV på ein måte ein svært sjeldan ser. Den unge kvinna har teke kontroll over sjukdommen og eige liv. Ho er engasjerande og snakkar aktivt for seg sjølv – utan nokon «kvit helt», seier SAIH-leiar Inga Nymo Riseth i ei pressemelding.
Torsdag delte SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond) ut den årlege Radi-Aid Awards for beste og verste bistandsvideo.
Gylden HIV-informasjon
The Golden Radiator går til ein kampanje som på ein kreativ måte klarar å engasjere utan å bruka dei vanlege stereotypane, medan The Rusty Radiator går til ein film som underbyggjer negative stereotypiar i kampen om bistandskronene.
Finalistane er valt ut av ein jury og vinnaren stemt fram via ei avstemming på Radi-Aid sine nettsider.
The Golden Radiator 2016 går til International HIV & Aids Alliance for filmen «Love A Positive Life».
I filmen møter me Daphine frå Uganda, som fortel om livet med HIV og korleis ho informerer andre om seksuell helse og rettar.
A POSITIVE LIFE from duckrabbit on Vimeo.
Juryen meiner videoen bryt ned fordommar og stereotypar om HIV. Videoen får skryt for å gje god informasjon og ikkje framstilla personar med HIV/AIDS som hjelpelause offer, men handlekraftige individ.
Dei andre finalistane var Amnesty Poland og Plan International UK.
LES OGSÅ: SAIH kritiserer Plan-kampanje: – Handlar berre om å samla inn pengar
Rusten pris til sponsorfilm
The Rusty Radiator Awards går til Compassion International for filmen «The Wait is over».
I filmen møter me vesle Helena som endeleg får ein sponsor frå Australia.
– Denne videoen er noko av det verste me har sett innan fadderordning-konseptet. Den framstiller gjevaren som den eineste redninga og jenta og hennes foreldre som svært stakkarslege, seier SAIH President Inga Nymo Riseth.
The Wait Is Over – 4 min with USA ending from Compassion International on Vimeo.
Compassion Norden: – Misoppfatta
Då nominasjonane vart offentleggjort uttala generalsekretær i Compassion Norden, Claes Parsmo, til Vårt Land at videoen er misoppfatta.
– Meininga med videoen er ikkje å vise kor vanskeleg denne familien har det, men kor mykje fadderstøtta betyr for dei som får den. Det er trist at denne filmen blir tolka så negativt.
Han forstår at enkelte kan reagera og understrekar at videoen ikkje til bruk i Norden, sjølv om han ikkje ser nokon grunn til at han ikkje kan brukast her.
– Me har ulike måtar å kommunisere verdiar på i USA og i Europa, og ulike ting slår an. Men i Compassion har me policy på at me ikkje skal bruka bilete til dømes av barn som lir, er sjuke eller har oppblåste magar. Det viktigaste er å kommunisere den verkelige situasjonen, seier han til avisa.
Filmen vann framfor dei to andre finalistane frå World Vision Australia og Save the Children Nederland.
Faktaboks
Radi-Aid Awards
Vart delt ut for første gong i 2013 i kjølvatnet av den virale kampanje-videoen «Africa for Norway».
Vert delt ut av SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond)
Med prisen vil SAIH setja fokus på bistandsorganisasjonar som bidreg til å vidareformidle stereotypiar om årsaker og løysingar på fattigdom.
Kjelde: SAIH