Tre nye Ferrante-bøker på norsk
Samlaget gjev ut tre bøker som Elena Ferrante gav ut før Napoli-kvartetten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Meir Ferrante på norsk
Den norske omsettinga av Napoli-kvartetten av forfattaren med pseudonymet Elena Ferrante har vorte ei gullgruve for Det Norske Samlaget.
Så langt har dei kritikarroste bøkene om oppveksten til venninnene Elena og Lila vorte selt i snart 300.000 eksemplar i Noreg. Bøkene har skapt Ferrante-feber og er omsett til over 40 språk. I tillegg er dei i ferd med å bli tv-serie.
Les vår melding av Mi briljante venninne: Sit fast i deg og slepp ikkje taket
Det var forfattar og omsettar Kristin Sørsdal som både oppdaga og omsette dei fire bøkene i Napoli-kvartetten for Samlaget. Snart er ho aktuell med tre nye Ferrante-omsettingar.
Allereie 8. mars 2017 kjem Svikne dagar. I boka møter me 38 år gamle Olga som opplever at mannen går ifrå ho for ei yngre kvinne etter 12 års ekteskap. Olga mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine og dreg dei to borna med seg i fallet.
I september kjem Den dunkle dottera, før Kvelande kjærleik kjem ut i mars 2018.
Faktaboks
Elena Ferrante
Fødd i Napoli
Debuterte i 1992 med L'amore molesto, som vart utgitt på Gyldendal med tittelen Hjemreise
Fekk sitt internasjonale gjennombrot med Napoli-kvartetten (Mi briljante venninne, Historia om det nye namnet, Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet)
Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante