Ferrante-bøkene blir tv-serie
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei italienske produksjonsselskapa Fandango og Wildside står bak serien, og Elena Ferrante er sjølv involvert i produksjonen.
Fandango har tidligare produsert tv-serien som er basert på Roberto Savianos bok Gomorrah.
Det er enno ikkje kjent når tv-serien vil ha premiere.
– Dette er romanar som bed om å bli filmatiserte. Den sterke historia, miljøskildringane og dei særs interessante karakterane gjer Napoli-kvartetten godt eigna til TV-serie. Vi gler oss stort til å sjå resultatet, seier forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog.
Dei fire bøkene i Napoli-kvartetten har blitt bestseljarar verda over, og skildrar vennskapen mellom to kvinner gjennom 50 år. Bøkene er også forteljinga om framveksten av det moderne Italia.
I Noreg gjer serien det også sterkt, både på bestseljarlista og blant kritikarane. Dei to første i serien kom på norsk i fjor, Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet. Den tredje boken i serien, Dei som flyktar og dei som blir vert lansert 11. mars og den fjerde og siste boka kjem i oktober.
Serien er omsett til norsk av Kristin Sørsdal.
LES OGSÅ: Ferrante – gull verdt for Samlaget