KrF-leiaren krev nynorsk på Vestlandet
Opnar for at staten bør gripa inn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ber staten gripa inn for nynorsken
– Det er viktig at vestlandsregionen vel nynorsk som administrasjonsspråk, seier Knut Arild Hareide til Bergens Tidende.
Han har vanskeleg for å sjå kva for ein annan region i landet som skal ha nynorsk som hovudspråk i forvaltinga viss ikkje Vestlandet skal ha det.
– Det er eit nasjonalt ansvar å sikra at nokon regionar i Noreg har nynorsk. Ønsket mitt er at Vestlandet ser sin del av ansvaret, men eg utelukkar ikkje at me kjem til å gripa inn nasjonalt, seier Hareide til BT.
I går fortalde Framtida.no at det har kome inn godt over 200 høyringssvar om Vestlandsregionen så langt.
Mellom dei som har sendt inn høyringssvar er den kjende forfattaren Tore Renberg. Han skriv mellom anna: