Endeleg avtale om å verne eit stort område i Antarktis
Eit verneområde på 1,55 millionar kvadratkilometer skal beskytte den urørte naturen i Antarktis.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Avtale om å verne i Antarktis
Avtalen blei inngått på eit møte i organisasjonen Antarctic Marine Living Resources (CCAMLR) i Hobart i Australia fredag, etter mange år med forhandlingar. Alle medlemslanda måtte godkjenne avtalen, og Russland har lenge vore mot. Men no er altså alle samde om å etablere verneområdet i Rosshavet med støtte frå USA og New Zealand.
– Den endelege avtalen balanserer vern, berekraftig fiske og vitskapsinteresser, seier New Zealands utanriksminister Murray McCully.
Verneområdet vil dekkje meir enn 1,55 millionar kvadratkilometer og det vil vere forbode å fiske i 1,12 millionar kvadratkilometer av dei. Rosshavet er eitt av dei siste intakte marine økosystema i verda, med bestandar av blant anna pingvinar, selar, kval og antarktisk tannfisk.
– For første gong har nasjonar lagt til side usemja seg imellom for å verne eit større område av Sørishavet og internasjonalt farvatn, seier Mike Walker, prosjektdirektør i Antarctic Ocean Alliance.
Medlemslanda i CCAMLR lykkes derimot ikkje i å bli samde om eit anna verneområde i den austlege delen av Antarktis. (©NPK)
LES OGSÅ: Stadig færre ville dyr i verda