Bergensarar får gratis buss
…på dagar med dårleg byluft.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa overkøyrde Vegdirektoratet og sa ja til forslaget om å bruke bompengar på gratis buss i Bergen.
NRK skriv at Bergen bystyre tidlegare i år vedtok å femdoble bompengeavgifta og sette opp gratis buss og bane på dagar med dårleg byluft. Bomringpasseringane skulle koste 225 kroner for personbilar i rushtida på desse dagane. På vanlege dagar kostar det 95 kroner.
Hordaland fylkeskommune ville innføre det same kollektivtilbodet dersom dei fekk finansiert tilbodet.
30. september avviste Vegdirektoratet forslaget, men no har Samferdselsdepartementet sagt ja til denne ordninga.
– Vi meiner det er dei som sit nærmast som vurderer kva som er dei beste tiltaka, seier statssekretær Tom-Christer Nilsen (H).
Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) er fornøgd med avgjerda.
– Vi treng verkemiddel for å klare å hamle opp med problemstillingane knytt til klima. God byluft er heilt avgjerande, og vi ønskjer å vere offensive, seier Hestetun, med atterhald om at forslaget kjem seg heilskinna gjennom høyringsrunden.