Fylkestinget sa nei til nynorsk-krav
Hordaland fylkesting røysta i dag ned eit forslag frå SV om at ein ny Vestlandsregion skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. No skal språkspørsmålet på høyring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Berre SV, Raudt, MDG og Venstre røysta for forslaget, som dermed fall. Det opplyser SV-representant Daniel Charles Hexall i ein epost til Framtida.no.
Fylkestinget handsama i dag intensjonsavtalen for samanslåing av fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til ein ny Vestlandsregion. I avtalen, som blei underskriven av dei tre fylkesordførarane i september, er nynorsk berre nemnt som ein identitetsberar for Vestlandet, ikkje som administrasjonsspråk. Dette vekte sterke reaksjonar.
LES OGSÅ: Sterke reaksjonar mot Vestlandsregion utan nynorsk
Hordaland og Sogn og Fjordane har i dag nynorsk som administrasjonsspråk, medan Rogaland er språknøytral. Fylka skal etter planen slåast saman innan 2020.
Språkspørsmålet kan enno få eit anna utfall. Før endeleg vedtak i fylkestinga i desember, skal intensjonsavtalen ut på høyring, og då blir språk eit tema.
Då fylkesutvalet førebudde saka tidlegare i veka, gjekk fleirtalet (Ap, Sp, KrF, MDG og H) inn for at spørsmålet om administrasjonsspråk skal inkluderast i høyringsprosessen og avgjerast etter at alle dei tre fylkeskommunane har gjennomført høyringane. Det skreiv Nynorsk pressekontor i går.
På Twitter stadfestar Hordaland fylkeskommune at språket for Vestlandsregionen no skal på høyring:
Fylkestinget sa nei til SV sitt forslag om nynorsk som administrasjonsspråk i vestlandsregionen. Språk bli ein del av høyringa.
— Hordaland fylke (@hordaland_no) 5. oktober 2016
LES OGSÅ: – Nynorsk er sjølvsagt på Vestlandet, seier Nynorsk kultursentrum