Kjende artistar skal oppmoda elevane til nynorskbruk

Elevane i Hallingdal skal studere songtekstar i skuleprosjektet #hallingpoesi, for å bli meir trufaste til dialekta si. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Dæ æ jaddi me rart koss det kan gå te
Tenk at du går i lag med meg
Og om det blæs kalt, æ eg varm og heit, for du æ den finast eg veit»

Slik går strofene i Hellbillies-klassikaren «Den finaste eg veit». I prosjektet #hallingpoesi får elevar frå Hallingdal boltra seg med utdrag frå denne og seks andre songar eller dikt frå lokale rimsmedar.

Les intervju med Daniel Kvammen her!

Hått Halling
For to år starta Buskerud Mållag opp det treårige prosjektet Hått Halling, som har som mål å auke medvitet kring nynorsk og dialekt hjå ungdom, lærarar og barnehagetilsette i Hallingdal. Slik tek dei sikte på å gje unge språkbrukarar eit bevisst forhold til språket sitt – og hindra målbyte frå nynorsk til bokmål. 

I prosjektet #hallingpoesi leikar ungdomsskuleelevar seg med strofer frå både Hellbillies, Stein Torleif Bjella, Signe Seim Bøygard, Terje Tørrisplass og unge, lovande Daniel Kvammen. 

Ord frå songar som «Redningsmann» og  «Fremad i alle retninga»  er produsert opp som store ordskilt med magnet bakpå, som elevane skal gjera om til ny poesi. Diktkassene  har allereie byrja å gå på rundgang hjå ungdomsskuleklassane i dalen.

–  Me håpar at #hallingpoesi kan vera ein dytt til å gjere elevane betre kjent med lokalkultur og gje inspirasjon til dykke djupare ned i resten av tekstforfattarens produksjon i fag som musikk og norsk, seier Hått Halling-leiar Heidi Molstad Andresen, som har utvikla konseptet.

Ho håpar at det fysiske arbeidet med orda gjer prosjektet meir leikent enn vanleg skriftleg arbeid.

LES OGSÅ: Hått Halling-prosjektleiaren: – Greitt å skriva dårleg nynorsk

Få unge snakkar dialekt
– Det er ein veldig fin ressurs for å setja fokus på det. Me har dialekt og språk på læreplanen, men det er fint å dra det lokale meir inn. Me har jo mange gode diktarar og artistar frå Ål og Hallingdal, seier Magnhild Storøygard, som er kontaktlærar for klasse 10B ved Ål ungdomsskule.

Storøygard, som sjølv er oppvaksen i bygda, fortel at éin tredel av elevane på skulen har bokmål som hovudmål, medan resten har nynorsk. Alle elevane i Ål har brukt å ha nynorsk som hovudmål på barneskuletrinnet, men på Ål vidaregåande skule var det i 2013 berre 6,9 prosent nynorskbrukarar.

Tal frå same året viser at i nabokommunen Gol vart talet på nynorskbrukarar halvert på ungdomsskulen – frå 39 prosent til 18,2 prosent. På Gol vidaregåande var det berre 4 prosent nynorskbrukarar i 2013.

Verken Hått Halling eller Storøygard har eksakte tal på dialektbruken, men læraren reknar med at berre ein femtedel av elevane hennar pratar halling.   

– Mange normerer språket sitt på skulen og hallingdialekta har vorte ganske utvatna, men det er ein del som har dialekttrekk.

30-åringen forklarar at foreldregenerasjonen i stor grad pratar dialekt, medan ungane vert påverka av språket frå Oslo og Drammen. Tendensen er at elevar frå sentrum i mindre grad pratar dialekt enn dei som kjem frå bygdene rundt.

LES OGSÅ: Ungar frå Hallingdal reiser på leir for å læra dialekt

Identitetsaspektet
Storøygard er ikkje redd for at hallingdialekta skal døy ut. Ho meiner at regionalisering er ei naturleg utvikling.

–Det er jo slik at språk endrar seg. Men det er litt synd at dialekta ikkje blir brukt meir, for då vert det vanskelegare å læra det. Eg snakkar jo dialekt som best eg kan og vil gjerne bli forstått, seier læraren, som er oppteken av dialektmangfald og identitetsaspektet ved språket.

Av tekstane i poesiprosjektet er det hovudvekt av dialekt, med nokre nynorske innslag.

– Det er mykje som tydar på at det er fleire hallingpratande elevar som vel nynorsk som opplæringsmål, enn dei som pratar bokmålsnært. Å byggje interesse og engasjement for halling gjennom å gjere elevane kjent med populærkultur som nyttar dialekt er ikkje berre god identitetsbygging og styrking av lokal språkkultur, men også ein indirekte måte å styrke nynorsken på, skriv Heidi Molstad Andresen, som merkar like stor interesse for hallingtiltak i både bokmålskommunar og nynorskkommunar i dalen, seier ho.

– Nynorsktiltak er derimot langt meir utfordrande å få til i bokmålskommunane.  

Faktaboks

Songtekstane i #hallingpoesi:

Redningsmann  – Stein Torleif Bjella
Den finast eg veit  – Hellbillies
Eg skreiv eit namn  – Signe Seim
Koma Heim  – Bøygard
Så går eg i grønsværet att  – Terje Tørrisplass
Fremad i alle retninga  – Daniel Kvammen