Ungdomsskule innfører mobilforbod

Feil med eit generelt forbod, meiner Utdanningsforbundet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På Giske ungdomsskule i Sandnes må elevane legge mobilen inn på «mobilhotell» kvar morgon.

– Vi ønskjer at elevane skal vere meir til stades og meir sosiale. Derfor har vi bestemt oss for å gjere eit forsøk på å halde skulen mobilfri, seier rektor Trond Hoel til Stavanger Aftenblad.

Personalet, foreldre og elevrådet står bak vedtaket.

LES OGSÅ: Forbod mot mobil kan gi éi veke med meir læring

– Frykta er at det blir lagt ut bilete og videoar som kan såre, for eksempel frå dusj- og garderobesituasjonar. Vi ser at mobilen kan vere ei kjelde til mobbing og utestenging, seier Hoel.

Utdanningsforbundet seier til avisa at det er motstandarar av eit generelt forbod mot mobiltelefonar i skulen, men meiner den enkelte skule må lage sine reglar.

– Eit generelt forbod er bakstreversk. Det kjem stadig ny teknologi som vi må ta omsyn til. Det viktigaste er at ordningar knytt til mobilbruk blir gjort i samråd med lærarar, elevråd og foreldreutvalet, seier sentralstyremedlem Tom Jambak i Utdanningsforbundet. (©NPK)

LES OGSÅ: Mobilforbod = auka samhandling og aktivitet