Forsking: – Økologisk jordbruk ikkje meir miljøvennleg
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Økologisk ikkje meir miljøvennleg
Økologisk jordbruk er ikkje meir miljøvennleg enn det konvensjonelle jordbruket, slår ein ny svensk forskingsrapport fast.
I seks av ni matproduksjonar er økologisk jordbruk verken meir eller mindre miljøvennleg enn konvensjonelt, heiter det i rapporten frå Livsmedelverket, det svenske motstykket til Mattilsynet, ifølgje Nationen.
Dette gjeld frukt og bær, mjølk, storfekjøt, svinekjøt, egg og jordbruksvekstar.
I produksjonen av kyllingkjøt og grønsaker kjem konvensjonelt ut som meir miljøvennleg. Berre fisk og skaldyr blir produsert meir miljøvennleg med den økologiske metoden.
LES OGSÅ: No blir det fleire økobønder
– Rapporten kjem ikkje overraskande på meg, men han vil nok overraska mange andre, seier seniorforskar Arne Grønlund i NIBIO.
Han meiner økologiomgrepet blir brukt feil.
– I jordbruket blir det brukt om prosessen og metoden for å produsera mat etter bestemte retningslinjer. Det høyrest vakkert og naturleg ut for uutdanna menneske. Det er lett å få inntrykk av at dette er betre for miljøet, men det er ikkje tilfelle, seier han.
Stortingsrepresentant Karin Andersen (SV) meiner økologisk jordbruk er nødvendig.
LES OGSÅ: Økogrønsaker bra for gravide
– Matjorda skal produsera mat i all tid framover. Giftstoff kan lagrast i organismar, og sidan i maten, seier ho.
Øko-bonde Jostein Trøite, styreleiar i Oikos – Økologisk Norge, seier at han etter omlegginga fekk redusert bruken av giftstoff.
– Eg har minst like god produksjon i dag som då eg produserte konvensjonelt, seier han. (©NPK)