Utviklinga snur – no blir det fleire økobønder
Talet på bønder som driv økologisk, stig for første gong på fem år. Så langt i år har 100 nye produsentar registrert seg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei økologiske produsentane har registrert seg hos Debio, som står for sertifisering og kontroll av dei økologiske produsentane. Samtidig har 90 har meldt seg ut, skriv Nationen. I fjor hadde Debio 76 innmeldingar og 215 utmeldingar.
I januar starta representantar for landbruksnæringa prosjektet Landbrukets økoløft, der målet har vore å auke produksjonen av økologiske landbruksprodukt.
– Vi merkar ein auke i etterspørselen etter både økologisk førsteråd og omleggingsrådgiving, seier prosjektleiar Kjersti Berge i Norsk Landbruksrådgiving, som trur Økoløft har bidrege til utviklinga.
Men trass i at talet på økologiske produsentar har auka til no i år, trur Aina Bartmann, prosjektleiar for Økoløft og rådgivar i Oikos, at det er urealistisk å nå stortingsmålet om 15 prosent økologisk produksjon innan 2020. Økoløft kan motivere og informere, men det er styresmaktene og marknaden som sit med nøkkelen til å nå målet, seier ho. (©NPK)
Les meir: