Skam-Isak kan bli ein stor inspirasjon for usikker ungdom
Madeleine Hamn (19) hyllar valet av hovudperson i tredje sesong av Skam.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skam-Isak kan bli ein stor inspirasjon
Madeleine Hamn (19) publiserte dette innlegget i Skam-gruppa på Facebook, og har gitt oss løyve til å gjengi teksten hos oss. Det er enno ikkje bekrefta frå NRK at Isak er hovudpersonen i neste sesong, men mykje tyder på det.
Dramaserien Skam har gjennom desse to sesongane appellert til mange unge og vaksne menneske i heile Noreg. Denne serien har inspirert meg mykje, og den har vore med på å gje eit realistisk innblikk på korleis det er å være ungdom.
Vi kan kjenne oss igjen i karakterane, både når det gjeld skule, vener og problemstillingar. Dette er ein serie som alle kjenner seg igjen i, og det er nettopp dette som gjer serien så unik og realistisk.
Skam har gitt oss fleire rollemodellar
Vi har fått rollemodeller som blant anna Vilde som sliter med eteforstyrringar, til Noora som sette Nikolai skikkelig på plass, då ho trudde ho hadde blitt utsatt for eit overgrep. Det er fleire å nemne. Sjølv kjenner eg meg mest igjen i Chris.
Det at Skam har valt Isak til å være hovudpersonen i sesong 3, er veldig kult. Dette kan først og fremst være med på å hjelpe ungdom som sliter med usikkerheit og tvil om sin eigen legning. Det kan hjelpe ungdom med å føle seg aksepterte og å bli tatt på alvor.
Isak kan bli ei stor stemme
Eg trur at Isak kjem til å bli ein stor inspirasjon, men også ei stor stemme for alle jenter og gutar som er usikre på seg sjølv, både når det gjeld sin eigen identitet og seksualitet. Tenkjer ein tilbake på det som har skjedd i media, som terroråtaket i Orlando der 49 uskuldige menneske mista livet på grunn av legninga si og retten til sine eigne kjensler, gjorde stort inntrykk på svært mange, inkludert Silje Nordnes i P3. Under ei radiosending delte ho kjenslene sine rundt dette åtaket i Orlando.
Det ho delte rørte ikkje berre meg, men også resten av Norge. Og for svært mange blei ho eit enda større førebilete. Etter at eg såg det klippet på P3, vart eg endå meir bestemt på at det er slike førebilete og talspersonar vi treng. Og det er slike førebilete eg finn i SKAM.
Tabu har blitt tatt opp
Denne serien har tatt opp til dømes eteforstyrringar som for nokon er tabu å snakke om, og no temaet om usikkerheit om sin eigen legning. Sjølv er eg ikkje homofil, men eg støtter alle homofile fullt ut.
Eg har kjent meg igjen i fleire andre tema som har blitt tatt opp i dei andre sesongane, så no gler eg meg til å følgje med Isak gjennom sesong 3.
Og til dykk som ville ha andre som hovudperson i denne sesongen: Det kjem fleire sesongar (trur eg). Dei gleder eg meg også til!
Meir om Skam?