«Skam» gir søkeboost for Hartvig Nissen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hartvig Nissen vidaregåande skule er allereie rekna som ein god vidaregåande skule i Oslo, men i år vart søkartala uvanleg høge. Dobbelt så mange elevar sette skulen som førstevalet sitt i år samanlikna med i fjor, skriv NRK.

I fjor sette 50 elevar studiespesialisering ved Hartvig Nissen på førsteplass, i år gjorde 90 elevar det same. Dramalinja såg ei auke frå 62 til 90 elevar. Kvifor? Fordi «Skam» går føre seg på denne skulen. Så klart.

Meir om «Skam»? Serien peika på mange samfunnsproblem – til dømes at mange gutar ikkje slikkar jenter.

Sylvia Lind, påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, håpar ikkje elevane berre baserer valet av vidaregåande skule på ein TV-serie, men trur ikkje akkurat dette valet er det verste.

– Eg trur Hartvig Nissen har eit godt fagleg tilbod, så me treng ikkje vera bekymra. Før ville alle jentene sjå ut som Sandy i Grease, medan i 2016 vil ein vera som Noora i Skam.

SKAM: – Dette kan vi lære av William

I 2016 skal alle ha blondt hår, raud leppestift og gå på Hartvig Nissen, liksom. Foto: NRK

Thomas Wold, stipendiat ved Psykologisk institutt ved NTNU,  fortel at me ofte kan bli påverka av TV-seriar liknar kvardagen vår. Men me klarar å tenkja litt sjølv òg.

– No er det ikkje slik at ein TV-serie kan få deg til å gjera noko du verkeleg ikkje hadde lyst til å gjera. Det er heller snakk om å gi inspirasjon til kva du kan gjera.

Endå meir om «Skam», for å stilla abstinensane fram til neste sesong?

Konfliktskye dritsekkar kan læra ein del av William, meiner serieskaparane.

Er livet til «Skam»-folka eksklusivt for byane? Nei, meiner Rikke Næss frå Indre Sogn.

«Skam» fekk skryt for måten dei behandla valdtekt på i andre sesong. Då Line Rødseth var 20 år vart ho valdteken – no vil ho at ungdom skal få vita meir om kva valdtekt eigentleg er.