Google kjøper norsk vindkraft
Google vil kjøpe heile kraftproduksjonen til ein ny vindpark som skal byggjast i Rogaland. Avtalen skal forsyne dei europeiske datasentera til selskapet med ekstra fornybar energi.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Google har inngått avtalen med BlackRock, Zephyr og Norsk Vind Energi, opplyser den amerikanske IT-giganten i ei pressemelding torsdag morgon.
Vindparken Tellenes i Rogaland vil få 50 turbinar når han etter planen står ferdig i 2017. Den totale kapasiteten blir 160 megawatt, noko som gjer han til den største i Noreg. Prosjektet har allereie fått alle plangodkjenningar og løyve.
Avtalen om å kjøpe vindkraftproduksjonen har ei varigheit på tolv år.
– Google har vore karbonnøytrale sidan 2007, og vi har forplikta oss til å forsyne 100 prosent av operasjonane våre med fornybare energikjelder. Dagens avtale, Googles første vindkraftavtale i Noreg og den største til dags dato i Europa, er eit viktig steg mot denne forpliktinga, seier Marc Oman, leiar for den europeiske energidelen i Google Global Infrastructure. (©NPK)
Les meir:
EU og Kina er svært ulike, men dei har ein ting til felles: Veksten i vindkraft
Faktaboks
* Amerikansk dataselskap som står bak søkjemotoren Google og andre internettenester.
* Grunnlagt i 1998 av Larry Page og Sergey Brin, som då var doktorgradsstudentar ved Standford-universitetet i California.
* Namnet er eit ordspel på det engelske ordet «googol», som refererer til eit eitt-tal med hundre nullar bak. Talet overgår talet på atom i universet, så namnet speglar målet til selskapet om å organisere all tilgjengeleg informasjon.
* Hovudkontoret til selskapet ligg i byen Mountain View i California.