71 prosent seier nei til EU
Få dagar før britane skal stemme over om dei skal bli verande eller forlate EU, viser ei måling at 70,9 prosent her i Noreg seier nei til norsk EU-medlemskap, berre 19,6 prosent seier ja.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Denne målinga seier jo alt om at Noreg trivst veldig godt utanfor EU, seier Per Edgar Kokkvold, presseveteran og Storbritannia-kjennar til Klassekampen.
Han understrekar at ein ikkje utan vidare kan samanlikne norsk og britisk neiside.
– I Noreg er EU-motstanden eit raudgrønt prosjekt. I Storbritannia er det eit blåblått prosjekt, og jo blåare du er, desto sterkare er motstanden til EU, seier Kokkvold.
Når britane stemmer om EU-medlemsskap, kan skottane få dei til å bli, skriv James K. Puchowski.
Kjærleik til nasjonen
Undersøkinga viser at norsk EU-motstand er sterkast blant dei som stemmer Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Raudt. Her seier ingen ja. I Frp er 83 prosent av dei spurde negative til norsk EU-medlemskap. Sjølv i Høgre ville 61 prosent stemt nei om det var folkeavstemming i morgon.
– I Noreg er det meir den progressive kjærleiken til nasjonen, ikkje nasjonalisme og framandfrykt, men demokrati og folkestyre, som pregar neisida, seier Kokkvold.
I Noreg er det dei under 30 år som er mest mot EU, i denne aldersgruppa seier 75,5 prosent nei.
By mot bygd
Flest EU-tilhengarar bur i Oslo, her seier 24 prosent av dei spurde ja til norsk EU-medlemskap. EU-motstanden er størst på bygda, skriv Nationen. Her meiner berre 10,3 prosent at Noreg burde melde seg inn i EU.
Professor Frank Aarebrot meiner det er lite som tyder på at EU-tilhengarane vil få vind i segla.
– Det må vere i den augneblinken EØS-avtalen verkar å vere verre enn EU-medlemskapet, seier han til Nationen.
Neisida har vakse kraftig det siste tiåret. Sommaren 2006 sa berre 48 prosent av nordmennene nei til EU. (©NPK)
Du kan lesa meir om Storbritannia og EU hos Framtida.no
Noreg skil seg ut i å ha sagt nei til EU-medlemsskap to gonger. Kva ville resultatet blitt i dag?
Kan du mykje om EU? Test deg sjølv her!