Flest nye studieplassar i Bergen
Her kjem dei 430 nye studieplassane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sør- og Vestlandet er hardast ramma av nedturen i oljebransjen. Desse regionane får difor hovudvekta av dei 430 nye studieplassane ved universitet og høgskular.
− Me ser at det er fleire arbeidsledige på Sør- og Vestlandet, og mange vil ha behov for meir utdanning for å få ny jobb. Det er naudsynt med kompetanseutvikling for å bidra til eit konkurransedyktig næringsliv og ein effektiv offentleg sektor, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Hovudvekta av dei nye studieplassane er rett mot Sør- og Vestlandet. I tillegg prioriterer regjeringa studieplassar innanfor informasjonsteknologi og helse, blant anna 65 studieplassar i IKT-tryggleik for å følgja opp behov på dette området.
Lærestadsnamn |
Sør- og Vestlandet |
IKT-tryggleik |
IKT/helse |
Lærar |
SUM |
Høgskolen i Bergen |
20 |
|
10 |
|
30 |
Universitetet i Stavanger |
45 |
|
20 |
|
65 |
NTNU |
10 |
35 |
|
|
45 |
Universitetet i Bergen |
35 |
30 |
|
|
65 |
Universitetet i Agder |
45 |
|
10 |
|
55 |
Høgskulen i Sogn og Fjordane |
10 |
|
|
|
10 |
Høgskolen i Molde |
5 |
|
|
|
5 |
Høgskulen i Volda |
5 |
|
|
|
5 |
Høgskolen Stord/Haugesund |
25 |
|
|
|
25 |
Universitetet i Oslo |
|
|
25 |
|
25 |
Høgskolen i Oslo og Akers. |
|
|
20 |
|
20 |
Høgskolen i Østfold |
|
|
10 |
|
10 |
Høgskolen i Sørøst-Norge |
|
|
20 |
|
20 |
VID vitenskapelige høgskole |
|
|
10 |
|
10 |
Høgskolen Diakonova |
|
|
5 |
|
5 |
Lovisenberg Diakonale Høgskole |
|
|
5 |
|
5 |
NLA Høgskolen |
|
|
|
30 |
30 |
Samla studieplassar |
200 |
65 |
135 |
30 |
430 |