Pleie- og omsorgstenesta vil ha behov for 100 000 nye årsverk
Behovet for arbeidskraft innan pleie- og omsorg vil blir nær dobla innan 2060. Minst.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Går du rundt og lurer på kor det er trygt å starta ei karriere? Det vil i alle fall ikkje bli mindre behov for arbeidarar innan pleie og omsorg, om me skal tru reknestykket til Statistisk Sentralbyrå (SSB).
Ein ny rapport kartlegg behovet for arbeidskraft i pleie- og omsorgssektoren fram mot 2060. I dag har denne sektoren 133 000 årsverk – i 2060 kan talet vera rundt 220 000.
Auka vil komma frå fleire «heildøgnsplassar» – altså omsorgsbustader med bemanning heile døgnet. Føresetnaden er også at familiane ikkje tek over meir av omsorga sjølv.
Dersom levealderen i Noreg aukar, noko den fort kan gjera, kan talet auka endå meir – då kan behovet komma opp mot 332 000 årsverk i pleie- og omsorgstenesta.
Det vil ikkje vera vanskeleg å få seg jobb i den bransjen, med andre ord.
Meir om yrkesval?
Fleire og fleire vil bli sjukepleiarar – køen er blitt lang.
På same tid vil nesten ingen utdanna seg innan olje lenger.
Komikar Lars Berrum er utdanna sjukepleiar. – Har du lyst, så prøv! er hans studietips.