Vann pris for biebok
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Juryen gjev forfattaren honnør for høge ambisjonar på vegner av ungdomslesaren. Forfattaren fullfører den litterære ideen sin på ein kompromisslaus måte. Alvoret i boka er gripande samstundes som ei undring og glede over verda ligg i botn av boka, skriv juryen i grunngjevinga.
Vinnarboka blir karakterisert som ei bok om å vera annleis og utanfor, om identitet, om bier og mangfaldet både i naturen og blant menneska.
LES MEIR HER: Biene dansar for å kommunisere
– Ein underliggjande tematikk er toleranse og ansvaret me har for kvarandre som medmenneske og verda me lever i, heiter det.
Prisen som er eit diplom og 30.000 kroner, blei delt ut fredag under opninga av landsmøtet til Noregs Mållag i Bergen. Det er Noregs Mållag som står bak tildelinga.
I juryen i år sat Margit Ims, Knut Åge Teigen og Marthe Frette. (©NPK)
LES OGSÅ: Eirik Ingebrigtsen vann Nynorsk litteraturpris 2015